tirsdag 14. juni 2011

Haiti


Haiti har meir enn 10 millionar menneske. Dei fleste lever i den ytste fattigdom, og mange i stor sorg etter at 230 000 menneske miste livet i jordskjelvet i fjor. Denne hendinga har resultert i at folket på Haiti no søkjer Gud som aldri før, ikkje minst som ei frukt av at presidenten lyste ut 3 dagar med bøn og faste for land og folk i februar 2010, ei oppfordring som vart etterfølgt av meir enn ein million menneske. Befolkninga i Haiti har gjennom årtier vore i stor åndeleg, moralsk, sosial og økonomisk naud. Her har alt gått gale som kan gå gale, og mange har søkke djupt ned i voodoo, rus, sex, kriminalitet, vald og elende. Her trengst det bøn og hjelp over lang tid framover.

Gode Gud, sjå i miskunn til alle menneske på Haiti. Mange er råka av sorg. Gje trøyst. Fri dette landet frå vondskapens makt, og løft folket ut av den sumpa dei har levd i så lang tid. Lær dei å tru på Jesus og leva reint og rettferdig her i denne verda, og gje dei eit usliteleg håp for framtida, eit håp som inspirerer dei til å ta tak og forma ei betre framtid for seg og barna sine. Gje dei truande kristne kraft frå himmelen til å leva forbiletleg og forkynna dei gode nyheitene på ein slik måte at evangeliet vert trudd og Jesus vert æra som frelsar og Herre av alle.

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...