fredag 17. juni 2011

Ungarn

Ungarn har 8,7 millionar menneske, og folketalet er synkande. Etter kommunismens fall i 1990 var folket veldig opne for Gud, men dette er ikkje slik lenger. I dag er ungararane sekulære. Dei unge er åndeleg opne, men søkjer meir i New Age-retning. Etter 1. verdskrigen mista Ungarn 60% av arealet sitt, og difor finn me mange ungarar i nabolanda. Det er 90 000 jødar i ungarn (800 000 før krigen), som Den norske israelsmisjonen har arbeidd mellom i mange år. Ungarn er i hovudsak romersk katolsk. Det er 287 000 evangeliske i landet. Desse søkjer for tida Gud i bøn. Det har vakse fram 3 sterke bønenettverk mellom dei. Veldig lovande. Berre Gud kan gjera noko effektivt med ungararane sine hjarto. I Budapest er det 30 000 heimlause. Kristne er i ferd med å ta ansvar for desse.

Gode Gud og Far! Hjelp alle kristne i Ungarn å halda seg nær til deg, og dagleg oppleva den fornyande krafta i din kjærleik. Lat både protestantar og katolikkar melda seg på bønenettverka slik at heile landet etter kvart kan få erfara kor store ting som skjer når menneske ber. Hjelp dei truande å vinna jødane, sigøynarana og alle dei heimlause for deg. Miskunna deg over den oppveksande slekta og hjelp dei å orientera seg mot deg og ditt ord og ikkje mot tomme og falske gudar og ideologiar. Gje dette landet leiarskap av høg kvalitet, og det ber me om også for dei mange kyrkjene og teologiske institusjonane. Lat ditt vårvær koma over Ungarn, i Jesu namn. Amen!


Ingen kommentarer:

Terroraåtak i Magdeburg i Tyskland

  Som sikkert alle har fått med seg har ein saudiarabisk lege i Tyskland valt å køyra full fart med bil  inn i ein julemarknad full av folk....