onsdag 8. juni 2011

Norge

I dag skal me be for oss sjølve. Det er omtrent 5 millionar nordmenn i Noreg. 90% tilhøyrer eit kyrkjesamfunn, men over 50% definerer seg som ateistar eller agnostikarar, noko som i praksis kjem ut på eitt. 4% av befolkninga er aktive kristne som går på møter og gudstenester. Etter rike vekkingstider på 18 og tidleg på 1900-talet, har me no vore inn i ei lang tid med tilbakegang for trua i Noreg, og landet er i dag svært sekularisert, og i enkelte miljø kan ein finna svært negative og agressive haldningar til Bibelen, Jesus og Gud. Men det er endringar på gang. Unge menneske er meir opne for Gud no enn før, noko som kan borga for nye tider for Guds kyrkje i Noreg, dersom me som kristne veit å kjøpa den lagelege tida. Det krev at me trenger på Gud, løftar bøneliva våre opp på eit høgare nivå og lever som sanne læresveinar av Jesus og ikkje flørtar med synd og vranglære, noko som desverre er blitt så vanleg mellom truande i Norge, også mellom dei som ønskjer å stå fram som leiarar. I dag har me eit desperat behov for ein ny teologisk utdanningsinstitusjon i Norge

Gode Far! Me ber for Norge. Du har gjennom 1000 år investert mykje i dette landet, utan at du i dag kan hausta så mykje frukt av det. Me innser at kyrkja i Norge er eit ufruktbart tre, og me augnar at øksa alt ligg ved foten av treet. Me ber: Spar oss for Jesu Kristi skuld. Tilgje oss våre synder. Vårt åndelege hovmot er grenselaust, Gud. Gje oss å venda om til deg og til kvarandre. Lat det spira fram nytt åndeleg liv frå gamle røter i di kyrkje, og lat det nye overgå alt det som ein gong var. Fyll oss som trur på deg med Ande og kraft slik at me faktisk fungerer som lys og salt mellom våre medmenneske, og lat ditt liv gå ut frå oss til våre naboar, medarbeidarar, medstudentar og medelevar slik at dei kan bli Guds barn av nåde og gode menneskefiskarar for Jesus. Amen!

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...