- Be om at India sine leiarar må ha mot til å halda oppe religionsfridomen i landet. Den er under hardt presse frå hinduradikale si side. Be også om at styresmaktene må ha vilje og evne til å verna religiøse minoritetar.
- Korrupsjonen i India er ekstrem. Be om at styresmaktene må ta eit oppgjer med dette i eigne kontor, og syna vilje til å rykka dette samfunnsvonde opp med rot.
- 40% av befolkninga er råka av under og feilernæring. Be om politisk dugleik og mot til å gjera vedtak som sikrar fattige eit godt og variert kosthald.
- Området frå Nepal til Andra Pradesh er kalla "den raude korridoren" der maoistar har stor sympati og skaper mykje uro i samfunnet. Desse infiltrerer også kristne kyrkjelydar. Be Herren om å ta hand om desse menneska.
- India har flest lutfattige menneske i heile verda, og dei kjem på fjerde plass når det gjeld mangemillionærar. Kløfta mellom rike og fattige er enrom. Dette skaper grobotn for kommunisme. Be Herren om å ta kontroll over dei rikes livsfilosofi som er prega av karmatenking, at alle får som fortent, og læra dei å betala arbeidarane sine på ein skikkeleg måte.
- Be om fred og sann gudstru i folks indre, og om at indarane lærer seg å tenkja på alle med respekt og at dei lærer seg å kjenna ansvar for kvarandre.
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
mandag 20. juni 2011
India 3
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...
-
Sør-Korea har eit folketal på 56,6 millionar. 31% er i følgje Operation World kristne. 16,8% er evangeliske. Den enorme kyrkjeveksten som v...
-
Politiet i Nakhitsjevan hadde ei tid overvaka eit hus i der kristne møttest. Ein søndag i april storma så rundt 20 politifolk eit søndag...
-
Ein reknar med at 100 000 kristne er plasserte arbeids- eller konsentrasjonsleirer i Nord-Korea. Ingen kjem levande ut. Be om Guds mektige...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar