tirsdag 5. august 2014

Sør-Korea


I dag og i morgon ber me for Sør-Korea.
Sør-Korea er den 11. største økonomien i verda. Sidan 1953, då landet var på botn etter Koreakrigen, har dei bygd opp ein enorm industriell kompetanse retta mot eksport, slik som Japan også har gjort det. Landet har lite råvarer, men dei menneskelege ressursane er store. Koreanarane er disipinerte og flinke til å jobba målretta.
Over 30% av befolkninga er kristne. Det pågår ei kontinuerleg vekking i dette landet, basert på bøn. Dei truande står tidleg opp kvar morgon og møtest i kyrkjene, eller på spesielle bøneplassar, for å søka og prisa Gud. Dette har resultert i  eit veldig gjennomslag for evangeliet. Denne bønerørsla starta med vekkingar i Pyongyang i 1907. Kristne nordkoreanarar tok vekkinga med seg då dei under krigen flykta sørover. I dag er Sør-Korea eit misjonsland i den forstand at dei sender misjonærar ut til snart alle verdas land. Likevel ser det no ut til av vitaliteten i den kristne rørsla flatar ut og går noko attende. Nokre meiner dette botnar i sjølvrettferd og stoltheit hos mange kristne leiarar som har ein tendens til å måla Guds gunst i personleg framgang, og sjå ned på dei med mindre "suksess". Splittingar basert på personleg ambisjonar har vore som ein pest mellom dei truande dei siste åra.
Landet har nær 49 millionar menneske. Dei som ikkje er kristne er anten buddhistar (23%), eller dei har eit meir konfuciansk livssyn (30%).

Gode Gud! Takk for det VELDIGE og UNIKE du gjennom åra har gjort i Sør Korea, og for all den velsigning som dei truande i dette landet har delt med resten av di verdsvide kyrkje. Må din Ande rettleida dei kristne leiarane i landet slik at dei audmjukar seg innfor deg og kvarandre og ikkje går i djevelens snare.  Må din Andes nærvær framleis kvila over Sør-Korea og gje vekkinga ny fart framover. Velsign dei unge kristne slik at dei får eit djupt personleg forhold til fridomen du har gjeve dei i Jesus Kristus. Gje alle sørkoreanske misjonærar som tener deg i andre land og kulturar alt det dei treng for ånd, sjel og kropp, og for å sjå at ditt rike går fram. Å gode Gud. Ta vare på hjarto, og hjelp dei kristne å ta vare på den fagre skatten, din kjærleik i Jesus Kristus, som ein gong vart betrudd dei. Gje også landet politisk stabilitet, og leiarar med høg moralsk integritet. Amen!
Hovudstaden Seoul er ein storby med nær 10 millionar innbyggjarar.



Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...