mandag 11. august 2014

Libanon

A map of Lebanon class=
Libanon er ein liten miniputstat nord for Israel, den einaste arabiske i Midt-Austen som ikkje offisielt er muslimsk. Over 30% av ei befolkning på 4,2 millionar er kristne , og det er bestemt i grunnlova at presidenten skal vera kristen, statsministeren sunnimuslim og parlamentsleiaren sjiamuslim.
Libanon har gjennom historia vore heimsøkt av mange krigar og okkupasjonar, og har blødd mykje, også dei siste tiåra. I samband med borgarkrigen i Syria har Libanon teke imot over 1 million flyktningar. Det er ei enorm utfordring for nasjonen, ikkje minst for dei kristne der.
Libanon har gjennom historia, heilt frå antikken då dei sjøfarande fønikarane budde der, vore eit handelssenter, og ofte har det hopa seg opp store rikdomar der. Den viktigaste næringa i vår tid er bank og finansverksemd.
Det er full religionsfridom i Libanon, og kristne frå nabolanda reiser gjerne dit for å få opplæring.Dei siste åra har evangeliske kristne demonstrert Guds kjærleik overfor lidande og traumatiserte menneske, spesielt overfor dei syriske flyktningane. Dette har ført mange til frelse og sann tru på Jesus.

Herre Jesus! Me takkar deg for ditt nærvær i Libanon, dette landet som så ofte er omtala i Bibelen. Må din kjærleik og di frelse bli kjent for alle i dette landet, og lækja alle djupe sår i befolkninga og fjerna all fiendskap og hat. Må alle religiøse menneske i dette landet få ei djup forståing av at i ditt rike duger ikkje religion, berre tru verksam ved kjærleik. Styrk di kyrkje og fyll henne med kjærleik og medkjensle slik at ho berre går 100% for fred og forsoning. Blås liv i gamle kyrkjesamfunn, og hjelp dei evangeliske å stå saman og elska og støtta kvarandre. Må alle som glorifiserer hatet bli møtt av ditt lys slik at dei skammar seg over synda si, kjem til deg med henne og opplever forvandling i hjarto. Amen!


Ingen kommentarer:

Terroraåtak i Magdeburg i Tyskland

  Som sikkert alle har fått med seg har ein saudiarabisk lege i Tyskland valt å køyra full fart med bil  inn i ein julemarknad full av folk....