Viser innlegg med etiketten borgarkrig. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten borgarkrig. Vis alle innlegg

mandag 12. januar 2026

Iran, igjen

 Herre Jesus Kristus!

Du er overordna alle jordiske styresmakter. Du er "den som lèt år og tider skifta, set kongar av og set kongar inn, og gjev dei vise visdom og dei vituge vit, " som me les i Daniel 2,21. 

No ber me om at du i di store makt skal avsetja prestestyret i Iran, og unna det iranske folket politisk fridom og demokrati. 

Me ber om at liv skal bli spart. Stopp revolusjonsgarden som skyt og drep verjelause menneske. 

Stopp avretting av skuldlause menneske.

Gje generalane i hæren og politiet mot til å støtta demonstrantane. 

Me ber om at dei ulike folkegruppene skal vera einige og samstemte om korleis landet skal styrast framover.

Me ber om at du skal avverga alt som kan føra til borgarkrig. 

Me ber om "styrke, visdom, leiing og vern for dei kristne slik at dei kan vera eit lys i ein kaotisk og ekstrem situasjon." (Opne Dører)

Amen! 

torsdag 10. november 2022

Sør-Sudan

 


Etter mange år med borgarkrig, vart Sør-Sudan grunnlagt 9.juli 2011. Etter den tid har landet vore prega av brutal borgarkrig og medfølgande djup fattigdom. 

Folketal: 11 381 377. Folkegrupper: 78  Språk: 68.    Off.språk: Engelsk

Religion: 62,2% kristne. Evangelisk kristne: 29,5%. Unådde folkegrupper: 7

Hovudstad: Juba

Kjelde:operationworld.org

  • Be om fred mellom dei stridande partane
  • Be om gjenoppbygging av landet
  • Be om godt leiarskap både i kyrkje og samfunn
  • Be om mat, klede, husly, utdanning og jobb for innbyggjarane
  • Be om vekking i kyrkjelydane og i samfunnet
  • Be om at dei kristne må leva liv som er evangeliet verdig
  • Be for dei unådde folkeslaga
  • Be om at nye truande skal bli forsvarleg disippelgjort


tirsdag 9. juni 2015

Guatemala



Folketal: vel 14 mill. Kristne: 13,8 mill. Evangeliske: 3,5 mill.
Næring: halvparten er bønder (leilendingar) som dyrkar kaffi, sukker og bananer.
70% av all narkotika frå Sør-Amerika til USA går gjennom Guatemala.
Kriminaliteten er enorm, og talet på mord per år svimlande.
Befolkninga består av latinarar og amerindianarar, for det meste maya.
Store deler av befolkninga lever i fattigdom, og dei er undertrykte av store godseigarar.
Gualtemala var heimsøkt av ein brutal borgarkrig frå 1960 til 1996 der styresmaktene, støtta av USA,  utøvde grov vald mot fattige sivile, og 40 000 menneske berre forsvann. Her er det djupe sår i befolkninga.
Det er 15000 gatebarn i Guatemala. Dei er ei stor utfordring for rettenkande menneske.
Dei evanglisk kristne har hatt ein eventyrleg vekst dei siste 50 åra, særleg pinsevenene. Men trua er ofte ikkje så djup, og disippelskap er det dårleg med. I tillegg er det svært mykje synkretisme mellom dei truande, særleg dei indianske, men også hos andre. 

Be om
  • at det blir teke eit oppgjer med all urett som vart gjort under borgarkrigen, forsoning mellom fiendar, og at nasjonen sine sår skal bli lækte.
  • at vekkinga skal halda fram og gå enno djupare
  • at kyrkjene skal disippelgjera dei nye kristne og fostra dei etter Guds ord,
  • at narkotikakartella skal bli avslørte og sett ut av spel
  • at narkotikatrafikken skal bli stansa heilt opp,
  • at barn og unge skal få naudsynt skulegang
  • at landet skal byggjast på sunne lover
  • at landet skal bli styrt av rettsindige menneske

fredag 15. august 2014

Libya


Libya er eit land på heile 1,8 millionar kvadratkilometer. Det meste er ørken. Berre 2% er dyrkbart. Det bur 6,6 millionar menneske i landet, dei aller, aller fleste langs kysten. 97% er muslimar, 2,6% kristne.
Etter at Mohmmad al Gaddafi vart styrta i 2011, har landet vore kasta ut i øydande borgarkrig (utan av verda har brydd seg så hardt om det).
Landet er ein stor oljeprodusent, og mykje av striden i dag står om kontroll over desse rikdomane. 
Før opprøret og krigen braut ut, var det aukande interesse i befolkninga for Bibelen og den kristne trua. Mange års iherdig bøn har bore frukt. Djevelen prøver no å riva dette ned.


Gode Gud og Far! Me ber i dag om fred og forsoning mellom stridande partar i Libya, om lækjedom for alle traumatiserte menneske og om attreising av landet. Du som har starta ei god gjerning mellom folk,  fullfør den inntil Jesu Kristi dag. Reis opp kyrkja di i landet til å bli eit fyrtårn som syner folket vegen til frelse, liv, framtid og von, og me ber om liv i djupe åndelege røter frå den første kristne tid. Fyll kyrkja di med lækjedomskraft slik at dine barn kan formidla helse til skada og sjuke menneske. Må interessa for Bibelen, kristen litteratur og kristne radio og TV-program og berre auka på, og me ber om høg kvalitet på desse sendingane, og me ber om at folk skal søka etter deg også på internett og finne deg der. Amen!
Ein oase i den libyske ørken kan stå som eit symbol for den kristne kyrkja i landet

mandag 11. august 2014

Libanon

A map of Lebanon class=
Libanon er ein liten miniputstat nord for Israel, den einaste arabiske i Midt-Austen som ikkje offisielt er muslimsk. Over 30% av ei befolkning på 4,2 millionar er kristne , og det er bestemt i grunnlova at presidenten skal vera kristen, statsministeren sunnimuslim og parlamentsleiaren sjiamuslim.
Libanon har gjennom historia vore heimsøkt av mange krigar og okkupasjonar, og har blødd mykje, også dei siste tiåra. I samband med borgarkrigen i Syria har Libanon teke imot over 1 million flyktningar. Det er ei enorm utfordring for nasjonen, ikkje minst for dei kristne der.
Libanon har gjennom historia, heilt frå antikken då dei sjøfarande fønikarane budde der, vore eit handelssenter, og ofte har det hopa seg opp store rikdomar der. Den viktigaste næringa i vår tid er bank og finansverksemd.
Det er full religionsfridom i Libanon, og kristne frå nabolanda reiser gjerne dit for å få opplæring.Dei siste åra har evangeliske kristne demonstrert Guds kjærleik overfor lidande og traumatiserte menneske, spesielt overfor dei syriske flyktningane. Dette har ført mange til frelse og sann tru på Jesus.

Herre Jesus! Me takkar deg for ditt nærvær i Libanon, dette landet som så ofte er omtala i Bibelen. Må din kjærleik og di frelse bli kjent for alle i dette landet, og lækja alle djupe sår i befolkninga og fjerna all fiendskap og hat. Må alle religiøse menneske i dette landet få ei djup forståing av at i ditt rike duger ikkje religion, berre tru verksam ved kjærleik. Styrk di kyrkje og fyll henne med kjærleik og medkjensle slik at ho berre går 100% for fred og forsoning. Blås liv i gamle kyrkjesamfunn, og hjelp dei evangeliske å stå saman og elska og støtta kvarandre. Må alle som glorifiserer hatet bli møtt av ditt lys slik at dei skammar seg over synda si, kjem til deg med henne og opplever forvandling i hjarto. Amen!


Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...