mandag 4. august 2014

Dagens unådde: Labafolket i Kina


Labafolket tel 294000 menneske, og er etterkomarar etter hankinesiske soldatar som gifta seg med kvinner frå Miaofolket (som dei var sende for å nedkjempa). Dei held til i sør-vest, på grensa mot Burma. Dei snakkar mandarin, og lukkelegvis er heile Bibelen tilgjengeleg på dette språket. Det er då også nokre få Jesustruande mellom dei, men under 2% , som, etter det eg forstår, er kriteriet for å kallast "unådd".
Labafolket er animistar med fedredyrking som eit hovudelement i trua.

Kjære Herre Jesus, verdas frelsar. Vekk ein hunger i labafolket etter å bli kjent med deg og ditt ord. Rør ved dei med din Ande slik at dei begynnar etterspørja Bibelen, og må Ordet ditt lysa for dei og syna dei vegen til deg og di frelse. Hjelp dei truande i folket å leva heilage liv, og modig vitna for sine eigne om deg, og må vitnemålet deira vera såkorn i fruktbar jord. Send di vekking inn i labafolket, og bygg ditt rike og di kyrkje mellom dei slik at dei i sin tur kan bringa ordet ditt vidare til andre unådde folkeslag med same språk. Amen! 

Ingen kommentarer:

Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...