Denne bøna for dei forfølgde kristne i Irak sto i avisa Dagen i går. Ho er laga av Åpne Dører. Dei ber oss om å bruka denne på gudstenestene og møtene våre i dag.
Nådige Gud og Far!
Me sameinar røystene våre med kristne over heile verda: Me ropar til deg for dei hundretusenvis av irakarar som i desse dagar vert utsette for brutal forfølging: Lat dei merka at dei ikkje er gløymde.
Me sameinar hjarto våre for dei mange hundertusen som er drivne på flukt og har mista alt dei eig: Gode Gud, Lat ikkje hjarto deira bli råka av redsle og fortviling.
Me sameinar trua vår med kristne over heile verda og ber: Grip inn, Herre, og lat ikkje hatet sigra.
Me sameinar vona vår med irakarar som manglar mat, vatn, klede og husly, og som er i ferd med å gje opp: Gje visdom og handlekraft til det internasjonale samfunnet, til politiske leiarar og naudhjelpsorganisasjonar.
Me sameinar vår kjærleik med kristne irakarar som kjempar for å overleva: Jesus, me er lemer på din kropp og brør og søstre i same familie. Lat vår kjærleik bli meir enn tome ord.
Me sameinar tårene våre med Jesu tårer over menneske som elskar mørkret høgare enn lyset: Lat vondskapen avta og nedslaktinga av skuldlause menneske i Irak ta slutt.
Me sameinar vår vilje med din, Herre, og ber om at du gjer oss til medarbeidarar for fred og rettferd: Gje oss vilje til be, forsaka og arbeida for at verda skal bli ein tryggare plass å leva. Lat ditt folk i alle land leva som lys og salt.
Det ber me om vår Gud og Far! Amen!
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Kong Haakon VIII
Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Sulawesi har over 110 folkegrupper. Dei fleste folka langs kysten er muslimar, og kristne er i fleirtal i nordaust og i dei sentrale høgla...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar