Latvia har gjennom historia i all hovudsak vore okkupert og undertrykt av framande makter som russarar, tyskarar, polakkar, danskar og svenskar. Lausreiv seg sist frå Sovjetunionen i 1991. Landet er flatt og skogrikt. Ikkje mange menneske der, berre 2,2 millionar, og av dei bur over 700 000 i Riga. Folketalet er på retur. Landet orienterer seg vestover, og vart medlem av NATO og EU i 2004. Det har gjeve dei ei sterk økonomisk utvikling. Men høg utanlandsgjeld og negatriv handelsbalanse har gjort økonomien veldig sårbar. Latviarane er lutheranarar, men få kjenner Gud. 40% rekna seg som ikkje-religiøse. 30% av befolkninga er russarar (som held fast ved si ortodokse tru), og det er ein merkbar spenning mellom latviarar og russarar i landet. Dette botnar i at då Josef Stalin anekterte landet i 1940, likviderte han femteparten av innbyggjarane og deporterte 100 000 latviske menn til Sibir og erstatta dei med russarar. Dei moralske problema er formidable: alkoholmisbruk, narkomani, valdskriminalitet, korrupsjon, sex-handel, skyhøge aborttal og verdas 4.høgaste sjølvmordsrate. Åndeleg apati og vonløyse pregar befolkninga.Men det er von: Kristne leiarar frå ulike kyrkjer over heile landet kjem no jamnleg saman for å styrka kvarandre åndeleg og moralsk, og prisa Jesu namn. Det vert i dag gjort mykje gjennom TV, litteratur, radio og internett for å nå fram til folket med evangeliet.
Kjære gode Jesus! Menneska i Latvia treng frelse, ankerfeste og nytt livsmot. Send Anden din over dette landet og blås nytt liv i gamle kyrkjelydar, og lat det bli etablert ein stor flora av nye som kan vera fyrtårn for deg både i byar, landsbyar og ute i distrikta. Send ei samvitsvekking slik at folk kan skamma seg over syndene sine og koma til deg med dei og oppleva herleg forløysing. Gjer latviske menn til gudfryktige, gode og edruelege leiarar som vernar kvinner, barn og unge mot djevelens list og verdas mange farar, og gje landet kloke, visjonære, sindige og ukorrupte politiske leiarar. Me ber om forsoning, fred og godleik mellom latviarar og den russiske minoriteten i landet, og om vern og frelse for dei 7000 jødane som bur der. Må alt det som blir gjort gjennom TV, radio og andre media føra mange til tru og teneste for deg. Amen!
|
Nasjonalmonumentet i Riga |
|
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar