Viser innlegg med etiketten den romersk katolske kyrkja. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten den romersk katolske kyrkja. Vis alle innlegg

fredag 18. november 2022

Tra katolske geistlige arresterte i Eritrea

 I 2002 bestemte eritreiske styresmakter at berre fire trussamfunn skulle vera lovlege i landet. Det var den eritreisk ortodokse kyrkja, den romersk katolske kyrkja, den lutherske kyrkja forutan  sunni islam, ei bestemming som har påført dei mange pinsevenene i landet ufattelege lidingar. Men den siste tida har også romersk katolske biskopar som kritiserer styresmaktene for manglande demokrati, kome i søkelyset, og nyleg vart tre katolske geistlige arresterte og fengsla. 11.oktober:  Mihretab Stefanos, sokneprest i St Mikaelskyrkja Segheneity, 12.oktober: Abba Abraham Habton Gebremaiam, ein prest i Teseney og til slutt Abune Fikremariam Hagos som er biskop i Segheneity som vart arrestert den 15.oktober på flyplassen i Asmara etter ein tur til Europa. Abba Abraham veit me sit i Adi Abeito fengselet i Asmara. Truleg er dei to andre også der. Men ingen veit sikkert. 

Herre Jesus Kristus! Me ber i dag i ditt namn for alle kristne i Eritrea som er fengsla fordi dei trur på deg og vitnar om deg. Styrk dei med ditt nærvær og din nåde. Me ber om rettferd for desse, og me ber om at dei, og dei tre katolske geistlige som no er arresterte snarleg skal setjast fri. Så ber me om at du skal røra ved hjarto til dei som styrer dette landet slik at dei vert totalt forvandla av din kjærleik, vender om frå sin urett og begynner å respektera folk sine grunnleggjande menneskerettar.  


Kjelde: Voice of the Martyrs



mandag 23. juli 2018

Italia

I Italia bur det rundt 60 millionar menneske. Men folketalsutviklinga er negativ. Fertitliteten er 1,1% per kvinne. Landet er i flatemål omtrent som Noreg. Landet er eit sentralt medlem av EU, men sterke høgrekrefter vil ha dei ut av unionen. Den nye regjeringa i Italia er EU-skeptisk (for ikkje å seia EU-fientleg).
Italia er ei økonomisk stormakt bygd på ein rik og variert industri. Bilar og kvitevarer kan nenmast. Denne industrien er stort sett i nord.
Landet er også ei kulturell stormakt, og har fostra dei største kunstnarane verda har sett, det vera seg innafor musikk, biletkunst, litteratur eller arkitektur.
Men landet har også fostra sin del av verdas despotar, både under og etter Romerriket.
Hovudstaden er Roma. Andre kjende byar er Firenze (renessansehovudstaden), Venezia, Milano, Napoli og Torino.
80% av befolkninga er tilhøyrer den romersk katolske kyrkja. 1,1% er evangelisk kristne. Desse er svært splitta, men det er aukande einskap å spora. Dei fleste evangeliske er av ikkje-italiensk opphav (Aust-Europa, Afrika og Latin-Amerika)

I oldkyrkja var kristendomen levande og kraftig i Italia. Men kristendomen vart etter kvart ein formalisert statsreligion, og for det det store fleirtalet i dag har ikkje kyrkjemedlemskapet noko som helst å seia for kva dei trur og korleis dei lever. Nord-Italia er mest sekularisert, og Torino er blitt eit senter for verdas djevledyrkarar. I dag er det mange fleire hekser og trollmenn i Italia enn kristne prestar. Landet er i desperat og djup åndeleg naud, og mistilliten til kyrkja er tynnsliten etter dei mange skesuelle overgrepa mot barn som er avslørte dei siste åra, og for kyrkjeleiinga sin vilje til å skjula ugjerningane.  Men det skal den katolske kyrkja ha: I dag går ho i spissen for å syna folk barmhjertighet, og ho er ikkje redd for å formana til gudsfrykt og utfordra til tru. Pave Frans er ein fin eksponent for dette.
  • Takk Gud for ein rik åndeleg arv i Italia. 
  • Be om at det som måtte vera av liv i røtene, at dei skal skyta friske skot, og at katolikkane skal venda seg bort frå helgendyrking, og begynna å hylla og tilbe Jesus åleine. 
  • Be om at prestane i landet skal bli gripne av Jesus, fylte med Den heilage ande og kapable til å forkynna Guds ord på ein slik måte at det grip hjarto og driv folket til omvending og tru. 
  • Be om einskap og mogning blandt dei evangeliske kristne i landet, at dei skal utvikla Gudsrelasjonen sin, lesa sin bibel, halda saman i varme fellesskap og bruka energien sin og liva sine på misjon i sine nabolag. 
  • Be om outreach og kyrkjeplanting i dei mange områda som manglar eit evangelisk innslag. 
  • Be om at mafiaen skal mista makta si, og at leiarane skal bli avslørte, fengsla og straffa. 
  • Be om Guds gjerning mellom dei mange narkomane og HIV-smitta. Dei er MANGE.
  • Be om at Gud skal drive arbeidsfolk ut til hausten sin i Italia, og at dei som tener Jesus mellom dei fortapte skal få Andens kraft og halda motet oppe også når det buttar mot, for det gjer det alltid. 



lørdag 16. august 2014

Fyrstedøme Lichtenstein

Kart over Fyrstedømmet Liechtenstein
Lichtenstein er eit lite kongedøme i Alpane, klemt inne mellom Sveits og Austerrike. Historisk er det  i røynda ei levning av det gamle tysk-romerske riket. L har eit flatemål på 160 kvadratkilometer, litt større enn Stord kommune der eg bur. Befolkninga er på 36 000 menneske. Dei snakkar alemmanisk,  ein tysk dialekt.

Folk i L lever av industri, handel, finansverksemd og turisme. Landet er kjent for å vera litt av eit skatteparadis, og mange utanlandske selskap er registrerte der.

I L er den romersk katolske kyrkja statskyrkje, og det er grunnlovfesta at kongehuset skal vera katolsk. Dei fleste i landet er då også katolikkar, men det store fleirtalet er nominelle kristne, og eit fåtal har nokon gong fått sjansen til å ta personleg stilling til Jesus Kristus. Likevel: nokre personar i kongefamilien kome til personleg tru gjennom kontakt med den sterke karismatiske rørsla innan den romersk katolske kyrkja.

Kjære Herre Jesus! I dag ber me om at du skal koma som ein etterlengta gjest til menneska i Lichtenstein. Du bar deira synder med deg på krossen like mykje som du bar våre, og me ber om at du skal bli til frelse for dei, slik som du er blitt for oss. Riv ned den tilliten som lichtensteinarane har til det materielle, og lær dei at den sanne rikdomen ligg i evangeliet og i det livet og framtida som berre du kan gje dei. Reis dei opp moralsk slik at dei brukar pengane sine til å investera i ditt rike og bygga opp nasjonar, og samla seg rikdom i himmelen, og ikkje på jorda.

Vaduz slott ligg mellom enorme alpefjell. Storslaått og vakker natur som gjer Lichtenstein til ein vinterferieparadis



Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...