Viser innlegg med etiketten Latvia. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Latvia. Vis alle innlegg

mandag 10. august 2026

Dagens nasjon: Latvia



Folketal: 1 854 000
Største religion: Kristendom (60%). Dei fleste tilhøyrer den lutherske kyrkja. Andre er russisk ortodokse. 

 Etter tiår med kommunisme førte Sovjetunionens fall til eit moralsk vakuum i Latvia, som raskt vart fylt av opportunistiske og negative krefter. Narkotika- og alkoholmisbruk, sexhandel, abort og sjølvmord tok seg kraftig opp, men har heldigvis gått ned etter det. Som medlem av Den europeiske union har Latvia klart seg relativt bra når det gjeld teknologi og utvikling, men det er framleis ei tomheit som ingen velstand kan fylle. Latvia treng forbøn for dei djupare og evige behova i folket

Gode Gud!

Takk for kyrkja di i Latvia. Forny henne ved ditt ord og din Ande. Gjer henne til eit sterkt lys i denne nasjonen, eit lys som kan føra befolkninga til tru på Jesus. Du ser alle dei behova som finst i dette landet. Møt folk der dei er, og vis deg som deira Gud. Me ber om ei omfattande og varig vekking i dette landet, og at du løftar alle som sit fast i synd og elendighet ut av hengemyra, og set føtene deira på fjell. Amen! 

Kjelde: operationworld.org

onsdag 10. august 2022

Dagens nasjon: Latvia


 Latvia har i underkant av 2 millionar innbyggjarar fordelt på 21 folkegrupper som snakkar 13 ulike språk. Over 1 million menneske bur i Riga.  Landet var ein del av Sovjetunionen fram til 1991 då unionen vart oppløyst og alle dei baltiske landa vart sjølvstendige. Latvia er i dag medlem av både EU og NATO. I dag er det stor spenning knytta til om den russiske presidenten Vladimir Putin vil truga desse tre landa millitært. Eit slikt "eventyr" vil garantert utløysa 3. verdskrigen. 

Be om at den allmektige Gud må setja grenser for Putin sine aggressive handlingar og planar, og at Latvia skal oppleva varig fred. 

Latvia er eit land lite paddeflatt land med mykje skog og jordbruksareal. EU har spytta enorme summar inn i landet for å sørga for økonomisk utvikling. Men enno eksporterer Latvia den beste arbeidskrafta si til andre EU og EØS-land. Det går ut over ekteskapa, familiane og barna. 

Be om at Latvia skal oppleva økonomisk vekst slik at det kan vera godt med arbeid til folk. 

Før landet vart oppslukt av Stalin før krigen identifiserte latviarane som lutheranarar. Etter at dei vart sjølvstendige, har dei søkt etter sine åndelege røter, ikkje berre i lutherdomen, men kanskje i enno større grad i førkristen mytologi. Eg var ei veke på besøk i Latvia rundt 2017, og på landsbygda var denne trenden tydeleg. 

Be om at Den heilage ande må ausast ut over alle menneske i dette landet slik at dei kan koma til tru på Jesus og bli Guds barn av nåde. 

Det er ein stor russisk minoritetsbefolkning i landet, og desse er ortodokse. Dei ortodokse kyrkjene er flotte og påkosta, medan dei lutherske er spartanske og bedehusaktige. Det er for så vidt OK berre det er åndeleg liv innafor veggene, men det er lite av det også. 

I Latvia er det 7000 jødar, ein rest etter folkemordet under den 2. verdskrigen. Dei er totalt immune mot det kristne evangelium. 

Be om at den gryande vekkinga som me ser i mange jødiske miljø no også skal koma til jødane i Latvia slik at dei forstår at Jesus er deira Messias meir enn nokon andre sin. 



søndag 10. august 2014

Latvia

Latvia har gjennom historia i all hovudsak vore okkupert og undertrykt av framande makter som russarar, tyskarar, polakkar, danskar og svenskar. Lausreiv seg sist frå Sovjetunionen i 1991. Landet er flatt og skogrikt. Ikkje mange menneske der, berre 2,2 millionar, og av dei bur over 700 000 i Riga. Folketalet er på retur. Landet orienterer seg vestover, og vart medlem av NATO og EU i 2004. Det har gjeve dei ei sterk økonomisk utvikling. Men høg utanlandsgjeld og negatriv handelsbalanse har gjort økonomien veldig sårbar. Latviarane er lutheranarar, men få kjenner Gud. 40% rekna seg som ikkje-religiøse.  30% av befolkninga er russarar (som held fast ved si ortodokse tru), og det er ein merkbar spenning mellom latviarar og russarar i landet. Dette botnar i at då Josef Stalin anekterte landet i 1940, likviderte han femteparten av innbyggjarane og deporterte 100 000 latviske menn til Sibir og erstatta dei med russarar. Dei moralske problema er formidable: alkoholmisbruk, narkomani, valdskriminalitet, korrupsjon, sex-handel, skyhøge aborttal og verdas 4.høgaste sjølvmordsrate. Åndeleg apati og vonløyse pregar befolkninga.Men det er von: Kristne leiarar frå ulike kyrkjer over heile landet kjem no jamnleg saman for å styrka kvarandre åndeleg og moralsk, og prisa Jesu namn. Det vert i dag gjort mykje gjennom TV, litteratur, radio og internett for å nå fram til folket med evangeliet.

Kjære gode Jesus! Menneska i Latvia treng frelse, ankerfeste og nytt livsmot. Send Anden din over dette landet og blås nytt liv i gamle kyrkjelydar, og lat det bli etablert ein stor flora av nye som kan vera fyrtårn for deg både i byar, landsbyar og ute i distrikta. Send ei samvitsvekking slik at folk kan skamma seg over syndene sine og koma til deg med dei og oppleva herleg forløysing. Gjer latviske menn til gudfryktige,  gode og edruelege leiarar som vernar  kvinner, barn og unge mot djevelens list og verdas mange farar, og gje landet kloke, visjonære, sindige og ukorrupte politiske leiarar.  Me ber om forsoning, fred og godleik mellom latviarar og den russiske minoriteten i landet, og om vern og frelse for dei 7000 jødane som bur der. Må alt det som blir gjort gjennom TV, radio og andre media føra mange til tru og teneste for deg. Amen!

Nasjonalmonumentet i Riga

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...