Viser innlegg med etiketten Laos. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Laos. Vis alle innlegg

torsdag 9. august 2018

Laos

Laos grensar til Vietnam, Thailand, Kambodsja, Kina og Burma.
Areal: 236 800 km2. Hovudstad: Vientian.  Folketal: 6,8 millionar fordelt på 134 folkegrupper som snakkar 90 språk.
Religion: Buddhisme (57%). 3,5% er kristne, og kyrkja veks med 6% årleg, og det er ein svært høg vekstrate, dette trass i at dei kommunistiske styresmaktene i landet gjer alt dei kan for å stoppa veksten. Forfølginga har tidvis vore svært tung. Her kjem motstanden frå fleire hald: dei truande blir pressa av ei kommunistisk og ateistisk regjering, buddhistiske leiarar og frå familiane sine. Her er det mektige tankebygningar som reiser seg mot kunnskapen om Kristus. 
Då kommunistane overtok makta i 1975, flykta nesten alle kristne ut av landet. Men ikkje Gud. Han driv på og kallar nye menneske inn i si kyrkje. Men mangelen på leiarar for dei mange unge kyrkjene er signifikant.
Forfølginga har imidlertid tvinga dei truande inn i bøn, og dei har lært seg å måtta stola på Gud. Trengslene har reinsa og foredla den unge kyrkja.
Laotarane er elles beskrivne som fredelege og venlege, med litt passive i sin framtoning.
Trass i den positive utviklinga for kyrkja, reknar Operation World dei aller fleste innbyggjarane i landet for unådde. Det er eit definert behov for 31 nye bibeloversetjingar, og kanskje så mange som 57.

  • Be om at lyset frå Kristi kross skal fløyma over heile landet og opplysa kvart menneske. 
  • Be om at Gud skal reisa opp nye apostlar, profetar, evangelistar, hyrdar og lærarar for kyrkja si
  • Be om at alle kristne skal ha tilgang til Bibelens ord
  • Be om at dei må bli verna mot synkretisme og vrang lære. 
  • Be om at Bibelen skal bli omsett til alle språk der oversetting er naudsynt
  • Be om Guds mektige vern over dei truande
  • Be om at kommunismen og buddhismens grunnvollar skal rokkast, og at dei ideologiske løgnene skal bli avslørte og forkasta av folket slik at dei kan venda seg mot Kristus, den einaste sanninga.

mandag 15. september 2014

Dagens unådde: Luma Akha-folket i Laos

Akha, Luma in Laos
Luma Akhafolket tel vel 70 000 menneske. Dei lever nord i Laos, i eit område der det stort sett vert dyrka opium. 10% av Luma Akha er såleis narkomane, noko som får enormt mange negative følgjer for familiar og storsamfunn. Luma Akhafolket legg stor vekt på å kunna si eiga historia, og er kløpparar på slektslister. Ein god Luma Akha kan lett resitera forfedrane sine 60 ledd bakover i tid, samt dei ulike immigrasjonsstiane forfedrane deira tok då dei vandra inn der dei no bur. I lys av dette er det ikkje så vanskeleg å forstå at Luma Akhafolket er fedredyrkarar, og landsbyane deira er fulle av demoniske symbol og alter der dei ofrar hundar, geiter og kyllingar. Luma Akha lever i eit djupt åndeleg mørke, og dei er på veg inn i det evige mørkret.

Kjære Herre Jesus! Me ber i ditt namn om at du skal løysa Luma Akhafolket frå alle demoniske makter som held dei basta og bundne til rus og synd som fører dei djupare og djupare inn i øydelegging og til sist i evig fortaping. Gode Heilage ande: Blås liv i dette døde og fortapte folket og skap eit gudsfolk ut av dei, fylt av lys, tru, kraft, fridom og glede. Send dine dedikerte og velutrusta tenarar til dei for å gjera teneste mellom dei: Lækja dei sjuke, fri ut dei bundne og kalla alle til omvending og tru.  Herre, miskunna deg over Luma Akhafolket, i ditt namn. Amen!

Akha, Luma in Laos

lørdag 9. august 2014

Laos


Laos ligg mellom Thailand og Vietnam, har 7,6 millonar innbyggjarar fordelt på 143 folkegrupper som snakkar 89 ulike språk. Av desse er heile Bibelen omsett til 5, NT til 5 og i tillegg er deler av Bibelen tilgjengeleg på 13 språk. Største folkegruppe er lao-thai. Andre store er mon-khmer og hmong-mien.
Laos har eit kommunistisk regime som kom til makta i forlenging av Vietnamkrigen i 1975. Forfølging av dei kristne har tidvis vore svært brutal. Det har letna litt, men framleis kjem det bølger av arrestasjonar. Men tøffast er det lokalt der kristne vert utsette for sterkt sosialt press. Utbreidd okkultisme generer sterk demonisk motstand. Dei fleste menneska i Laos er buddhistar/animistar, og religionen ser ut til å koma sterkt attende etter mange år med kommunistisk undertrykking og antireligiøs propaganda. 3,4% er kristne, men veksten i kyrkjelydane er på heile 5,7% årleg.  Særleg har responsen vore god i hmong-folket. Det er eit mirakuløst verk av Den heilage ande utløyst av dedikert bøn frå truande som er heilt avhengige av Gud. Likevel er dei aller fleste laotarar totalt ukjende med Jesus og vegen til frelse. Dette botnar i stor grad i språklege barriererar. Det er eit absolutt behov for bibelomsetting i 31 språk, i tillegg kan det vera naudsynt med omsetting til 26 andre.
Det er forbode for utlendingar å driva misjon i Laos, men det vert gjort eit stort arbeid med å nå befolkninga gjennom radio, TV, digitale hjelpemiddel, Jesusfilmen, smugling og spreiing av biblar og annan kristen litteratur.

Gode Gud! Takk for at di frelse når fram til så mange menneske i Laos, og for alle truande i dette landet som tener deg med stor iver trass i alle faremoment. Må lyset ditt nå fram til alle folkegrupper og avkrokar i dette landet, og kyrkja di slå rot i alle byar og landsbyar. Må Bibelen bli tilgjengeleg for folk på morsmålet deira. Utruast kyrkja di med sterke nådegåver slik at under og teikn skjer mellom og gjennom dei kristne, at folk bli fridd ut frå sjukdomane sine og frå demonar som bind og plagar dei, og me ber om at ordet ditt skal trenga gjennom til folk, løfta dei opp og endra deira mentalitet og livsfilosofi. Må alt godt strev med å nå befolkninga i Laos gjennom radio, TV, digitale hjelpemiddel og litteraturspreiing lukkast. Så ber me om at det komministiske regimet skal smuldra opp, og om fridom for laotarane på alle livsens områder.

Det er 5000 buddhistiske tempel i Laos og ei røys med buddhafigurar. Her er den vidgjetne sovande Buddha. Karmatrua har gjeve laotarane eit passivt preg. 


lørdag 23. mars 2013

Lao Phuan-folket, Laos


 

Det er 131 000 Lao Phuan i Laos. Totalt i verda: 341 000 menneske. Dei snakkar sitt eige språk phuan, som enno ikkje er eit bibelspråk, og folket er blant dei  heilt unådde. 

Lao Phuan har sterke familieband og barnerike familiar.

Dei er buddhistar som tradisjonelt har vanskar med å forstå at dei er fortapte syndarar som aldri kan oppnå rettferd innfor Gud.

Kjelde: joshuaproject.net

Kjære Herre Jesus! I dag ber me om at ditt ord og di frelse skal bli  Lao Phuanfolket i Laos til del. Må di kyrkje ta det ansvaret som trengst for at dette folket skal få del i den arven som du har tildelt dei i evangeliet. Gje dei Andens lys til å forstå at dei er fortapte syndarar som treng ein frelsar av ditt format. Kall di kyrkje til å be også for dette folket. Amen! 


Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...