Viser innlegg med etiketten Madagaskar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Madagaskar. Vis alle innlegg

fredag 19. august 2022

Dagens nasjon II: Madagaskar

 



28 477 333 innbyggjarar fordelt på 40 folkegrupper som snakkar 20 språk. Offisielle språk er malagasy, fransk og engelsk. Hovudstad: Antananarivo

Madagaskar er eit rikt land der fleirtalet av menneska lever i djup fattigdom. Øya har mange unike plante og dyreartar, men mange, mange av desse er blitt utrydda dei siste åra pga ein totalt feilslått landbrukspolitikk der bøndene har hogd ned og brent store deler av den verdfulle regnskogen i aust. Det er ein av verdas store miljøkatastrofar. 

Be om at Herren på underfullt vis må attreisa regnskogen og dei unike økosystema i dette landet. 

Be om at Gud skal sjå i nåde til menneska i landet og fornya økonomien deira slik at det vert leveleg for alle. 

Madagaskar har gjennom dei siste 120 år opplevd enorme kristne vekkingar prega av profetisme, lækjedom og utdriving av vonde ånder. Det har vore ekstraordinert. Og dette har rulla og gått trass i heftig motstand frå heidenske hovdingar og frå fransk kolonimakt då denne sat med makta. Det siste vekkingsutbrotet var på 1980-talet. Sentral under vekkinga på 1960-talet var profetinna Nenilava. Eg var og høyrde henne tala i Trefoldighetskirken i Oslo vinteren 1974. Under besøket var ho også å besøkte kong Olav på slottet. 

Be om at Gud skal tenna elden på nytt, og at han skal brenna kontinuerleg til Jesus kjem att. Be om det mellom dei kristne skal dukka opp leiartypar som kan føra landet ut av den økonomiske og økologiske krisa i landet. 

Dei gamle heidenske religionane er sterke, og mektige ånder regjerer blant folk, og mange kristne klarar ikkje heilt å sleppa taket i det gamle, og då blir det synkretisme og åndeleg sjukdom og død. 

Be Gud om å reinsa kyrkja si i Madagaskar. 

Dei kristne er veldig splitta.

Be om einskap mellom kyrkjene og kyrkjelydane.

Befolkninga veks fort på Madagaskar, og det er mange barn og unge. Mellom anna Ungdom i Oppdrag har mykje arbeid som rettar seg mot denne gruppa. 

Be om at dei store barne og ungdomskulla må få høyra og ta imot evangeliet om Jesus Kristus. 

onsdag 20. august 2014

Madagaskar

A locator map of MadagascarMadagaskar var eitt av dei første landa der nordmenn, gjennom Det Norske Misjonsselskap, dreiv misjon. NMS-misjonærar er der forresen enno. I dag er over 50% av befolkninga på 20 millionar kristne, men mange kombinerer den kristne trua med gamle religiøse førestellingar og seremoniar. Fedredyrking og trolldomskunster er svært utbreidd i heile samfunnet, også mellom mange kristne. Dette gjev rom for at vonde ånder får dominans i folks liv. Det føreligg mange vitnemål om behovet for demonutdriving på M.
Det er stor spenning mellom kristne i landet, og stadig opplever dei at kyrkjelydar vert splitta. Det skjer, som Operation World skriv, skræmande ofte. Likevel veks kyrkjelydane gjennomsnittleg 3% årleg. Det er Guds nåde.

Kjære Herre Jesus! Me takkar deg for dine storverk på Madagaskar gjennom 150 år. Takk for alle som er blitt berørt av evangeliet, og for alle som gjennom dette er blitt frelst. Takk for fridomen som di kyrkje har til å forkynna evangeliet i dette landet. Me ber om at du vaker over denne fridomen slik at han kan vara. Så ber me om at du skal læra kristne å elska kvarandre slik som du Jesus elskar oss, og at du utrustar dei sanne kristne med gåver til å prøva ånder og til å fordriva dei, ikkje berre frå enkeltpersonar, men frå byar, landsbyar landområder som ligg under deira dominans. Gje kyrkja di mange gode leiarar som kan læra folket Bibelens ord, og føra dei inn i sant disippelskap. Amen!
Typiske tre som er å finna på vestsida av øya


Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...