Viser innlegg med etiketten Liberia. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Liberia. Vis alle innlegg

fredag 21. november 2025

Liberisk pastor arrestert og rettsforfølgd for å føra muslimar til tru på Jesus

 


Ein pastor i Liberia står overfor pågåande juridiske utfordringar etter ein konflikt med muslimske samfunnsmedlemmer om verksemda hans. Ifølgje ei lokal kjelde byrja situasjonen i 2023 då Pastor Sylvester leia to personar til tru på Kristus. Etter konverteringane har han blitt skulda av motstandarar for å preike mot islam, be høglydt og spele musikkinstrument tidleg om morgonen.

Kyrkjeleiaren vart arrestert i slutten av oktober. Sjølv om han først vart sleppt fri av politiet, overtydde aktor retten om å fengsle han igjen. Sidan då har Pastor Sylvester og familien hans opplevd helseproblem på grunn av mangel på mat og andre grunnleggjande nødvendigheiter. På tidspunktet for publiseringa av denne rapporten er dei offisielle skuldingane mot den truande uklare. Den 18. november bad den kristne advokaten som er hyra inn for å hjelpe med forsvaret av pastoren om meir tid til å studere saka. Neste høyring er planlagd til å finne stad den 24. november.

Ver venleg å be for Pastor Sylvester og den bekymra familien hans i denne vanskelege tida. I tillegg til å møte deira daglege praktiske behov, be Gud om å gje dei fornya åndeleg styrke, oppmuntring og fred. Må Herren også gripe inn i den juridiske prosessen – gje den kristne forsvarsadvokaten den nødvendige visdommen og rettleiinga – slik at den fengsla pastoren kan bli sett fri. Be på vegner av alle Jesu etterfølgjarar i Liberia medan dei prøver å byggje gode relasjonar med sine muslimske naboar og leve ut trua si i fred.

Kjelde: Voice of the Martyrs, Canada

torsdag 14. august 2014

Liberia

Map of Liberia
Liberia er eit vestafrikansk land som grensar til Sierra Leone, Guinea og Elfenbeinskysten. Det vart grunnlagt av frigjevne afroamerikanske slavar i 1847. Dei siste tiåra har landet vore heimsøkt av to øydeleggande borgarkrigar, og i 2003, då Ellen Johnson overtok som president, låg landet nede med knekt ryggrad. Men ho klarte ved hjelp av FN og ein vestafrikansk fredsstyrke å få slutt på kampane mellom rivaliserande stammer, og for dette fekk ho Nobels fredspris i 2011.
Men landet slit med store problem. Akkurat i våre dagar har det ekstremt dødelege ebolaviruset blomstra opp, befolkninga er traumatisert av krig, massakrar og ei vedvarande valdtektsbølge. Folk er fattige, analfabetismen høg ++. Her trengst det lækjedom og forsoning
Det er religionsfridom i Liberia, og kristendomen står sterkt. Men 41% av befolkninga tilhøyrer ulike kultar som praktiserer okkultisme. Det gjev djevelen stort rom.
Landet er rikt på naturressursar. Det skulle borga for velstand, men har resultert i krig av verste sort. Det bur omlag 4,5 millionar menneske i Liberia.

Herre Jesus! Liberia tyder fridom. Må det liberiske folket erfara fridom frå synda, døden og djevelens makt. Me ber om eit stabilt styresett i landet, om ærlege og kloke leiarar som får bort korrupsjon, grådigheit og vald. Må liberiske menn ta deg som forbilete og verna kvinner og barn  mot overgrep, og ikkje vera ein fare for dei slik som dei ofte er i dag. Attreis kyrkja di i Liberia og utrust henne med Andens gåver slik at ho kan avsløra og kasta lys over folks synder, og lækja alle sår og all smerte som synda har påført dei. Me ber om at landet skal få eit justisvesen som fungerer,  at barn og unge skal få nødvendig skulegang, at jordbruk og anna ærleg næringsverksemd skal kunna gje folk arbeid og mat og eit utbygd helsevesen for alle. Skap forsoning og fred mellom alle etniske grupper som tradisjonelt har stått mot kvarandre som svorne fiendar. Reins landet frå avgudsdyrking, og må alle legga frå seg syndene sine og rekka hendene sine mot deg, du som er den einaste sanne Gud og skapar. Amen! 
Liberiske kvinner i glad dans.







torsdag 31. juli 2014

Ebolaviruset herjar i Vest-Afrika


Ebolaviruset er ekstremt smittsamt. 90% av dei som vert smitta døyr. Liberia, Guinea og Sierra Leone er så langt råka. Over 700 er døde. Spreiingsfaren er overhengande. "Leger uten grenser" gjer ein stor innsats for å avgrensa og førebyggja epedemien som i dag er heilt utav kontroll. La oss be:

Vår Herre Jesus Kristus! Må folka i Sentral-Afrika læra deg å kjenna som både lege og frelsar. Dei treng å venda om frå sine synder og fornekta djevelens gjerningar og vesen slik at du kan lega og trøysta dei. Så ber me om effektivt smittevern for alle helsearbeidarar som hjelper dei sjuke.

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...