fredag 15. august 2014

Libya


Libya er eit land på heile 1,8 millionar kvadratkilometer. Det meste er ørken. Berre 2% er dyrkbart. Det bur 6,6 millionar menneske i landet, dei aller, aller fleste langs kysten. 97% er muslimar, 2,6% kristne.
Etter at Mohmmad al Gaddafi vart styrta i 2011, har landet vore kasta ut i øydande borgarkrig (utan av verda har brydd seg så hardt om det).
Landet er ein stor oljeprodusent, og mykje av striden i dag står om kontroll over desse rikdomane. 
Før opprøret og krigen braut ut, var det aukande interesse i befolkninga for Bibelen og den kristne trua. Mange års iherdig bøn har bore frukt. Djevelen prøver no å riva dette ned.


Gode Gud og Far! Me ber i dag om fred og forsoning mellom stridande partar i Libya, om lækjedom for alle traumatiserte menneske og om attreising av landet. Du som har starta ei god gjerning mellom folk,  fullfør den inntil Jesu Kristi dag. Reis opp kyrkja di i landet til å bli eit fyrtårn som syner folket vegen til frelse, liv, framtid og von, og me ber om liv i djupe åndelege røter frå den første kristne tid. Fyll kyrkja di med lækjedomskraft slik at dine barn kan formidla helse til skada og sjuke menneske. Må interessa for Bibelen, kristen litteratur og kristne radio og TV-program og berre auka på, og me ber om høg kvalitet på desse sendingane, og me ber om at folk skal søka etter deg også på internett og finne deg der. Amen!
Ein oase i den libyske ørken kan stå som eit symbol for den kristne kyrkja i landet

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...