torsdag 14. august 2014

Liberia

Map of Liberia
Liberia er eit vestafrikansk land som grensar til Sierra Leone, Guinea og Elfenbeinskysten. Det vart grunnlagt av frigjevne afroamerikanske slavar i 1847. Dei siste tiåra har landet vore heimsøkt av to øydeleggande borgarkrigar, og i 2003, då Ellen Johnson overtok som president, låg landet nede med knekt ryggrad. Men ho klarte ved hjelp av FN og ein vestafrikansk fredsstyrke å få slutt på kampane mellom rivaliserande stammer, og for dette fekk ho Nobels fredspris i 2011.
Men landet slit med store problem. Akkurat i våre dagar har det ekstremt dødelege ebolaviruset blomstra opp, befolkninga er traumatisert av krig, massakrar og ei vedvarande valdtektsbølge. Folk er fattige, analfabetismen høg ++. Her trengst det lækjedom og forsoning
Det er religionsfridom i Liberia, og kristendomen står sterkt. Men 41% av befolkninga tilhøyrer ulike kultar som praktiserer okkultisme. Det gjev djevelen stort rom.
Landet er rikt på naturressursar. Det skulle borga for velstand, men har resultert i krig av verste sort. Det bur omlag 4,5 millionar menneske i Liberia.

Herre Jesus! Liberia tyder fridom. Må det liberiske folket erfara fridom frå synda, døden og djevelens makt. Me ber om eit stabilt styresett i landet, om ærlege og kloke leiarar som får bort korrupsjon, grådigheit og vald. Må liberiske menn ta deg som forbilete og verna kvinner og barn  mot overgrep, og ikkje vera ein fare for dei slik som dei ofte er i dag. Attreis kyrkja di i Liberia og utrust henne med Andens gåver slik at ho kan avsløra og kasta lys over folks synder, og lækja alle sår og all smerte som synda har påført dei. Me ber om at landet skal få eit justisvesen som fungerer,  at barn og unge skal få nødvendig skulegang, at jordbruk og anna ærleg næringsverksemd skal kunna gje folk arbeid og mat og eit utbygd helsevesen for alle. Skap forsoning og fred mellom alle etniske grupper som tradisjonelt har stått mot kvarandre som svorne fiendar. Reins landet frå avgudsdyrking, og må alle legga frå seg syndene sine og rekka hendene sine mot deg, du som er den einaste sanne Gud og skapar. Amen! 
Liberiske kvinner i glad dans.







Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...