Laos ligg mellom Thailand og Vietnam, har 7,6 millonar innbyggjarar fordelt på 143 folkegrupper som snakkar 89 ulike språk. Av desse er heile Bibelen omsett til 5, NT til 5 og i tillegg er deler av Bibelen tilgjengeleg på 13 språk. Største folkegruppe er lao-thai. Andre store er mon-khmer og hmong-mien.
Laos har eit kommunistisk regime som kom til makta i forlenging av Vietnamkrigen i 1975. Forfølging av dei kristne har tidvis vore svært brutal. Det har letna litt, men framleis kjem det bølger av arrestasjonar. Men tøffast er det lokalt der kristne vert utsette for sterkt sosialt press. Utbreidd okkultisme generer sterk demonisk motstand. Dei fleste menneska i Laos er buddhistar/animistar, og religionen ser ut til å koma sterkt attende etter mange år med kommunistisk undertrykking og antireligiøs propaganda. 3,4% er kristne, men veksten i kyrkjelydane er på heile 5,7% årleg. Særleg har responsen vore god i hmong-folket. Det er eit mirakuløst verk av Den heilage ande utløyst av dedikert bøn frå truande som er heilt avhengige av Gud. Likevel er dei aller fleste laotarar totalt ukjende med Jesus og vegen til frelse. Dette botnar i stor grad i språklege barriererar. Det er eit absolutt behov for bibelomsetting i 31 språk, i tillegg kan det vera naudsynt med omsetting til 26 andre.
Det er forbode for utlendingar å driva misjon i Laos, men det vert gjort eit stort arbeid med å nå befolkninga gjennom radio, TV, digitale hjelpemiddel, Jesusfilmen, smugling og spreiing av biblar og annan kristen litteratur.
Gode Gud! Takk for at di frelse når fram til så mange menneske i Laos, og for alle truande i dette landet som tener deg med stor iver trass i alle faremoment. Må lyset ditt nå fram til alle folkegrupper og avkrokar i dette landet, og kyrkja di slå rot i alle byar og landsbyar. Må Bibelen bli tilgjengeleg for folk på morsmålet deira. Utruast kyrkja di med sterke nådegåver slik at under og teikn skjer mellom og gjennom dei kristne, at folk bli fridd ut frå sjukdomane sine og frå demonar som bind og plagar dei, og me ber om at ordet ditt skal trenga gjennom til folk, løfta dei opp og endra deira mentalitet og livsfilosofi. Må alt godt strev med å nå befolkninga i Laos gjennom radio, TV, digitale hjelpemiddel og litteraturspreiing lukkast. Så ber me om at det komministiske regimet skal smuldra opp, og om fridom for laotarane på alle livsens områder.
Det er 5000 buddhistiske tempel i Laos og ei røys med buddhafigurar. Her er den vidgjetne sovande Buddha. Karmatrua har gjeve laotarane eit passivt preg. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar