Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
tirsdag 18. november 2025
Thailand
fredag 18. november 2022
Thailand del 1
Thailand betyr "det frie landet". Dei har aldri vore underlagt framande makter. Men trass i at thailendarane går for å vera smilets folk, er dei underlagt mørkets makter, bundne som dei er av buddhisme, fedredyrking, okkultisme og mange synder.
Be om at thailendarane må få oppleva og erfara Guds barns fridom i Jesus Kristus, og at ei bølge av vekkjing skal koma over landet.
Kyrkja i Thailand har aldri fått eit genuint thai-uttrykk. Difor opplevest evangeliet og kristendomen framand for vanlege thailendarar.
Be om at evangeliet skal bli presentert for thailendarane på ein måte som kommuniserer med dei, og som ikkje er hefta med vestleg kultur.
Be også om at det må fostrast fram sterke leiarar frå thaifolket i kyrkjelydane, at thai-sauene får thai-gjetarar.
Sexindustrien i Bangkok, Pittaya, Pukhet og Hat Yai er formidabel. Rundt rekna 10% av turistinntektene kjem frå denne skitne verksemda som førerer titusenvis av fattige jenter inn det mest nedverdigande livet me kan tenkja oss, eit liv som ofte endar i ein altfor tidleg død.
Be om at Herren effektivt må setja ein stoppar for denne businessen, og be om fridom, framtid og håp for alle sexslavar i landet. Be også om at dei som kjøper desse tenestene må kjenna på ei djup skam, venda om frå sine synder og søka nåde og frelse hos Jesus. Styresmaktene er i prinsippet imot sexhandelen, men i praksis støttar dei svineriet. Be om at dette skal endra seg slik at dei set inn dei tiltaka som er naudsynte for å beskytta sin eigen befolkning mot kidnappingar, misbruk og grovt slaveri.
Det er over ein million barnearbeidarar i Thailand. Barnas rettar vert dagleg krenka på det grovaste.
Be om at det må bli sett ein stoppar for barnearbeidet i landet slik at dei unge kan gå på skule og få seg skikkeleg utdanning.
Med 700 000 smitta er HIV eit stort problem i Thailand.
Be om nåde og lækjedom for dei smitta, og be om at thailendarane må sjå samanhengen mellom denne sjukdomen og måten dei lever på, og læra seg å leva i trufaste ekteskap.
Be om at kyrkja på finna ein god strategi med tanke på å nå dei 300 000 buddhistmunkane i landet.
Det er 1,2 millionar flyktningar frå Myanmar i landet. Mange av barnearbeidarane og sexslavane vert rekruttert frå desse ulukkelege menneska som elles må leva heile liva sine i lukka flyktningeleirar. Mange kjem frå kristne folkegrupper som Karen, Chin og Shan.
Be om styresmaktene må ta FN som flyktningekonvensjon på alvor og gje flyktningane menneskeverdig behandling. Be om at Herren skal gje desse stakkars menneska framtid og håp, og at han skal beskytta dei mot menneske som berre vil dei vondt. Be om at det må opna seg vegar for dei ut av leirane og til ei betre framtid i andre land.
Det er 5,3 millionar muslimar i Thailand, 600 000 berre i Bangkok.
Be for muslimane, at kyrkja skal utvikla ein effektiv misjonsstrategi med tanke på å nå dei med evangeliet, og be om at Guds ord må råka dei i hjarta, og at Anden skal stadfesta Ordet med under og teikn som utvetydig stadfestar for dei at Jesus Kristus er Herre, og at det er Han dei må tru på for å bli frelst.
Kjelde: operationworld.org
onsdag 8. august 2018
Kirgisistan
Hovudstad er Bisjkek.
Kirgisistan var historisk lenge undertrykt av Russland, og vart i 1926 ein sovjetrussisk republikk.
Vart sjølvstendig i 1991 då heile Sovjetunionen gjekk i oppløysing.
Kirgisarane er i hovudsak bønder som produserer kveite, sukkerrøyr, poteter, bomull, tobakk, grønsaker og frukt. Ull, kjøt og mjølkeprodukt er også viktige varer.
91 % av befolkninga er sunnimuslimar. 5,5% er kristne. 0,7% evangeliske. Dei fleste kristne er russisk ortodokse. Muslimane har liten kunnskap om eigen religion, og i kvardagen praktiserer dei gjerne shamanisme, fedredyrking, hekseri og spådomskunst. Dei, som mange andre folk i denne regionen, prøver å gjennom ulike remedier å verna seg mot "det vonde auga", noko som eg har sett mykje av mellom tyrkarar og iranarar.
Kirkgisistan har store økonomiske og sosiale problem. Korrupsjon, fattigdom, alkoholisme, narkotikamisbruk, prostitusjon, gambling og trafficking er svært utbreidde fenomen. Dei fattige, gamle og funksjonshemma lever i ytterst elendige kår. Mange kirkisarar emigrerer til Russland i håp om eit betre liv der. Dette gjeld særleg slaviske folk med ortodoks bakgrunn.
Etter at landet vart sjølvstendig i 1991 vart det sett inn ein betydeleg evangelisk misjonsinnsats som bar gode frukter. Dette kom til vekkja den sovande draken, og dei kristne vert skremde, får eigedomar øydelagde og kan bli utsette for fysisk vald. Det er innskrenka mulegheit i dag for å driva misjon i landet.
Alle folkeslag i Kirgisistan må reknast som i praksis unådde. Bibelen er omsett til dunganspråket (eit prosjekt Kristkyrkja på Stord var involvert i gjennom det som då var Norsk Misjon i Øst), men elles er det trong for mykje innsats på det området.
- Be om at lyset frå evangeliet skal fløyma over dette landet og opplysa kvart einaste menneske
- Be om at alle folkegrupper i landet skal få høyra om Jesus på sitt eige språk.
- Be om at Gud skal lækja landet og bryta ned djevelens festningsverk i folks sinn, i kulturen og politikken, og løysa dei frå demoniske makter som held dei bundne til islam og okkulte praksisar.
- Be om ærlege, kloke, kunnskapsrike og rettenkande leiarar
- Be mot korrupsjon, nepotisme, maktmisbruk, grådighet, prostitusjon, trafficking og fattigdom.
- Be om rettferdig fordeling av godene i landet
- Be om gode avlingar og attreising av økonomien
- Be om at landet igjen skal opna seg for kristen misjon
torsdag 25. mai 2017
Dagens unådde: Luoluopo i Kina
Dei tel i følgje joshuaproject.com 447000 menneske
søndag 5. juli 2015
Anifolket i Kina
Dette folket vert i dag raskt assimilierte inn i den dominante hankinesiske befolkninga, både språkleg og kulturelt. Sjølv om dei fleste ignorerar Gud, trur dei fleste anikinesarane at det er Han som har skapt himmel og jord, men som høggudar flest er han utilgjengeleg, og dei held seg difor til tradisjonell fedredyrking og trur på ånder som kan påføra sjukdom dersom dei ikkje gjennomfører dei naudsynte rituala og seremoniane. All misjonsinnsats mellom dei før 1949 var heilt nyttelaus.
Gode Gud! I dag minnar me deg om anifolket i Kina. Slik som Kristus ein gong vart menneske fødd av Maria møy, ber me om at han skal koma til anifolket som ein ani, ein som forstår dei og som kan tala til hjarto deira og løysa dei frå synd og løgn og forsona dei med deg, som dei trur er langt borte og utilgjengeleg for dei. Kom nær til dei ved ditt ord og din Ande og gjer deg tilgjengeleg for dei. Må di kraft koma og i dei over dei og overraska dei. Gje dei ei djup forståing for at du med Jesu blod har betalt alt som skal til for deira evige lukke, og at dei med glede kan overgje seg til deg og bli dine barn av nåde. Amen!
onsdag 20. august 2014
Madagaskar
Det er stor spenning mellom kristne i landet, og stadig opplever dei at kyrkjelydar vert splitta. Det skjer, som Operation World skriv, skræmande ofte. Likevel veks kyrkjelydane gjennomsnittleg 3% årleg. Det er Guds nåde.
Kjære Herre Jesus! Me takkar deg for dine storverk på Madagaskar gjennom 150 år. Takk for alle som er blitt berørt av evangeliet, og for alle som gjennom dette er blitt frelst. Takk for fridomen som di kyrkje har til å forkynna evangeliet i dette landet. Me ber om at du vaker over denne fridomen slik at han kan vara. Så ber me om at du skal læra kristne å elska kvarandre slik som du Jesus elskar oss, og at du utrustar dei sanne kristne med gåver til å prøva ånder og til å fordriva dei, ikkje berre frå enkeltpersonar, men frå byar, landsbyar landområder som ligg under deira dominans. Gje kyrkja di mange gode leiarar som kan læra folket Bibelens ord, og føra dei inn i sant disippelskap. Amen!
| Typiske tre som er å finna på vestsida av øya |
søndag 19. juli 2009
Bimafolket i Indonesia
Bimafolket tel 647 000 menneske og bur på øya Sumbawa (300 km aust for Bali) der dei hovudsakleg driv med jordbruk. Dei er muslimar, men trua deira er oppblanda med animisme og fedredyrking. Bimafolket har sitt eige språk.4 bimalandsbyar er "kristne" etter ein vellukka outreach i 1930-åra, men desse lever i dag isolert frå frendane sine, er svært fattige og manglar grunnleggande kristen kunnskap.
Bøn: "Gode Gud og far, du som gav Sonen din til soning for alle verdas synder: Lat ljoset frå evangeliet strøyma uhindra over Bimafolket slik at hjarto deira vert vendt mot Jesus, og dei kan få del i det evige livet som kjem frå han. Send dine vitne og profetar for å dela Guds ord med dette folket, og lat ordet bli dei til frelse. Herre, miskunna deg over dei og oss alle. Amen!"
Kong Haakon VIII
Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Sulawesi har over 110 folkegrupper. Dei fleste folka langs kysten er muslimar, og kristne er i fleirtal i nordaust og i dei sentrale høgla...



