søndag 3. august 2014

Nord-Korea


Nord-Korea er verdas mest isolerte nasjon. Kim Il Sung starta i 1948, med Joseph Stalins hjelp, ein revolusjon der målet var å leggja heile den koreanske halvøya under kommunismen. Det førte Koreahalvøya inn i ein beisk borgarkrig som i 1953 enda med deling av landet. Grensa mellom Nord og Sør-Korea er i dag vakta på det aller strengaste.
Sør-Korea opna seg mot verda og vart ein framgangsrik nasjon. Nord-Korea isolerte seg meir og meir, og er i dag eitt av verdas fattigaste områder. På 90 talet døydde 3 millionar menneske av svolt. I dag lid dei fleste av dei 24 millionar innbyggjarane av feil-og underernæring.
All religionsutøving er strengt forbode, bortsett frå dyrking av den Kim Il Sung, som døydde for mange år sidan. Bilete og statuar av han er finna over alt.
I 1907 vart hovudstaden Pyongyang heimsøkt av ei mektig kristen vekking, og vart då kalla "Austens Jerusalem". I dag vert kristne forfølgde på den strengaste måten, og over 100 000 er internerte i arbeidsleirar. Men evangeliet har sine vegar. Guds ord vert smugla inn på ulike smarte måtar, og stadig blir folk frelst. Det er grunn til å tru at desse strimene av lys varslar ein ny dag for Nord-Korea.
Etter av Kim Jung Il, sonen til Kim Il Sung, døydde vart makta overført til den no 30 år gamle Kim Jung Un. Etter maktovertakinga er situasjonen enno verre for dei kristne enn før. Un er ei hard nøtt. 

Gode Gud og Far! Du er den einaste sanne Gud, også for menneska i Nord-Korea. Må ordet ditt nå fram til vanlege folk i landet og gje dei ein mektig smak av sann fridom og kjærleik. Du ser hungeren og vanstyre, du ser all fortaptheit, må alt dette få ein ende, og landet opna seg mot himmelen og mot resten av verda. 
Herre, styrk alle dine barn i Nord-Korea slik at dei kan overleva som kristne gjennom  farlege tider. Takk at du er med desse slik du var med Daniel og venene hans i Babylonia. 
Jesus, vår lege, leg Nord-Korea, og bind og driv bort dei vonde åndsmaktene som knugar menneska og som fører dei djupare og djupare inn i mørkret. Me ber om ein ny dag for Nord-Korea der menneska kan få kjenna på den sanne himmellukka som berre du kan gje oss menneske. Bygg opp kyrkja di som ei mektig grasrotrørsle i dette landet som endrar det frå innsida, og må under og teikn skje overalt der kristne bevegar seg, og krafta i kjærleiken og audmjukheiten vinna over krafta i hatet og hovmotet. Amen!


Folk som bøyer seg og tilbed Kim Il Sung og sonen hans Kim Jung Il. Dette er som henta ut frå Daniels bok.

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...