Qatar har kome i verdas søkelys dei siste dagane då det er blitt klårt at denne vesle, men søkkrike oljestaten finansierer Hamas krigføring mot Israel. Det verkar også som dei sprøytar pengar inn i fleire andre islamistiske grupper som plagar verda i dag. Landet er det også styrt 100% etter dei strenge sharialovene.
Qatar har verdas høgaste BNP per innbyggjar. Den økonomiske veksten er årleg på svimnlande 19%.
Det er berre 337000 faste innbyggjarar i Qatar. Det er desse me skal be for i dag. Ute i den store verda er det over 2 millionar som har røtene sine i landet.
Qatarane snakkar sin eigen arabiske dialekt, og det er stor trong for å få oversett Bibelen til denne.
Kjære Herre Jesus! Qatar er eit bolverk for islams kamp mot Israel og di kyrkje i verda, og at djevelen styrer dei som styrer der. Men DU er VERDAS FRELSAR OG LYS. Må ditt gode ord nå fram til arabarane i Qatar, eta seg inn i dei og døma dei i samvitet slik at dei ser at alt dei held på med som strir mot din kjærleik og plan er synder som fører dei i den evige fortapinga. Riv dei ut av den falske tryggleiken rikdomen skaper hos dei, og før dei inn i ein situasjon der dei bøyer seg ved din kross og ropar til deg om nåde.
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Terroraåtak i Magdeburg i Tyskland
Som sikkert alle har fått med seg har ein saudiarabisk lege i Tyskland valt å køyra full fart med bil inn i ein julemarknad full av folk....
-
Kjelder: CIA World Factbook. Pray for the world (Patrick Johnstone) Folketal: 31 304 016 (juli 2016) 912 050 km2. 52,1 % regnskog. 3,1%...
-
I Pakistan bur det 189 millionar innbyggjarar fordelt på 393 folkegrupper. Det blir snakka 77 ulike språk i landet. Islam er den domineran...
-
Den ugandiske evangelisten Richard Malinga (36) vart drepen av den 17.juni medan han forkynte Guds ord for muslimar aust i landet. Han var p...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar