10,7 millionar innbyggjarar, 95,12% kristne, 16% evangeliske. Hovudstad: Port-au-Prince.
Jordskjelvet i 2010 tok livet av 250 000 menneske, og øydela store deler av landet sin bygningsmasse og infrastruktur. Folket reagerte med i stor stil å venda seg til Gud i bot, bøn og faste.
Be om at han må gå på djupet med folket, fri dei frå dei mørke kreftene som har dominert samfunnet i to hundreår og transformera nasjonen.
Evangeliske kristne har opplevd ein sterk vekst dei siste tiåra gjennom evangelisering og praktisk kjærleik. Ei sterk bønerørsle "Visjon Haiti" har vakse fram, og kristne frå mange kyrkjesamfunn og organisasjonar har gjennom mange år målretta bede Gud om at han skal fria folket og nasjonen frå djevelens makt, og krafta i desse bønene er blitt demonstrert ved mange høve.
Be om at Gud skal fullføra dette verket han har starta og setja alle menneske fri frå okkultisme (voodo), spiritisme, grådighet, vald, rus og korrupsjon. Alt dette er svært utbreidd i landet.
Kriminaliteten er skyhøg, og 25% av politistyrken er sjølv kriminelle.
Be om at dei utru politifolka skal bli avslørte, at dei som skal handheva lovverket blir rettsskafne, og at Den Heilage Ande ansvarleggjer både politifolk og kriminelle slik at dei alle gjer alt dei kan for å fly unna den dom Gud ein dag skal fella over alle vonde, og alle som held sanninga nede i urett.
200-300 000 barn lever som slavar under forferdelege tilhøve. Dei vert kjøpt og selt i stor stil.
Be om Gud pådømmer slaveriet, at det skal ta slutt og at barna skal få rettane sine oppfylte, det handlar om rettane til å veksa opp i trygge heimar, til skulegang og helsehjelp.
Be om at Gud velsignar landet med gudfryktige, kloke og sterke leiarar.
Det har alltid vore ei mangelvare.
Økonomisk ligg Haiti langt nede i sørpa, og det blir berre verre og verre. Økologien er i ubalanse, skogane snauhogne, jordbruket radbrekt og næringslivet svakt.
Be om at Gud skal velsigna folket og landet økonomisk. Be om at styresmaktene skal satsa på kunnskap og utdanning, slik at folket blir i stand til å møta utfordringane framover, ja, bli ein nasjon som kan blomstra på alle områder.
Svært mange haitianarar har flykta frå landet. Desse har synt seg svært mottakelege for evangeliet.
Be om at dei skal møta på seriøse og gode kristne der dei kjem, menneske som kan føra dei til Kristus.
Seksuell promiskuitet, prostitusjon og sprøytenarkomani har ført til stor utbreiing av AIDS.
Be om at folket skal venda seg bort frå syndige livsmønster som tek livet av dei.
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Viser innlegg med etiketten AIDS. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten AIDS. Vis alle innlegg
onsdag 13. juni 2018
søndag 24. desember 2017
Zimbabwe

390 767 km2. 13 800 000 innbyggjarar. Hovudstad: Harare. 97,8% er bantuar frå ulike stammer.
Offisielt språk: Engelsk. Antal språk: 22. Alle er bibelspråk
Zimbabwe gjennomførte sine første frie val i 1980, etter mange års krig mot det kvite mindretalsstyret. Robert Mugabe vart president, og har etter den tid degenerert som leiar, køyrt landet i kne på alle måtar og vart i sist månad avsett av dei militære, og visepresident . Emmerson Mnangagwa kom inn og tok plassen hans. Om det fører til noko som helst, gjenstår å sjå.
Dei siste åra har mellom 25 og 50% av befolkninga flykta frå landet. Mykje av grunnen til dette er HYPERINFLASJON. Dei pengane folk får utbetalt den eine dagen er ingenting verd den neste. Det er ein av dei store nasjonale katastrofane i vår tid. Arbeidsløysa i Zimbabwe er 90%. Forventa levealder er under 44 år.
- Kyrkja i Zimbabwe har hatt ein markant vekst midt i alle prøvingar staten har påført befolkninga og dei truande. I alt vanstyre er kyrkja blitt ein oase, eit fyrtårn og ei von for menneska. Det føregår ei massiv og målbevisst kyrkjeplanting i landet, og dei truande når måla sine. Tusenvis av nye kyrkjer blir planta kvart år. Be om at nye truande må læra seg å leva som Jesu disiplar, og om at nye leiarar av rett format skal bli skapte og forma.
- Be om at landet skal bli kvitt inkompetente, uærlege, brutale, kriminelle, nepotiske, bedrageriske og sjølvopptekne leiarar, og bli velsigna med gudfryktige leiarar, sanne, heilstøypte demokratar med ei høg ånd som styrer skuta etter Guds gode ord, og som respekterer Menneskerettsfråsegna.
- Skule og utdanningssystemet, samt helsestellet, har kollapsa. Be om attreising.
- Etter at Robert Mugabe stal jordbruksland frå dei kvite og gav det til inkompetente krigsveteranar, har matproduksjonen stoppa opp. Landet som før var ein eksportør av mat, er no avhengig av matvarehjelp frå utlandet. Folket har måtte brødfø seg på jakt, og meir enn 2/3 av alle ville dyr er blitt utrydda dei siste åra. Be om gjenoppbygging av landbruket.
- AIDS-epedemien tek 2000 menneskeliv per veke. Be om at folket skal venda om frå seksuell promiskuitet, at dei lærer seg å leva reint og halda seg til ektefellen sin.
- All død og emigrasjon har tappa Zimbabwe for kompetanse. Be om at gode folk må venda attende til heimlandet og starta gjennoppbygging av landet.
- Be om at kyrkja skal bli ei profetisk stemme overfor styresmaktene, og ansvarleggjera dei styrande innfor Gud.
- Be om einskap mellom dei truande. Det har vore enormt mykje splitting i den evangeliske og protestantiske leiren.
- Be om at kyrkja skal bli reinsa for okkulte praksisar som dei truande har med seg frå den animistiske fedretrua.
- Be spesielt for byane. Slumområda esar ut, kriminaliteten rår, lov og rett har stoppa opp og få kjenner Kristus der.
fredag 22. desember 2017
Zambia

Areal: 762 618 km2. Hovudstad: Lusaka. Landet ligg på eit slette med ei gjennomsnittleg høgde på 1138 m.o.h. Her er det ein ufatteleg natur der Victoriafalla i sør tek førsteprisen. Elles er det vide savanner med eit rikt dyreliv.
Folketal: 16 millionar. Dei fleste bur i byar lange jernbanelinja mellom Congo og Zimbabwe. Mange i slum. Forventa levealder er 44 år.
Fekk sjølvstende i 1964. Eittpartisystem fram til 1991. Etter det parlamentarisk demokrati.
Næringsliv: Gruvedrift, i hovudsak utvinning og foredling av koppar. Elles har dei mykje vasskraft. Og sjølvsagt er det mange bønder. Dei siste åra har landet fått mange kinesiske og indiske investorar, noko som er ein del av desse landa sin nykolonisering av Afrika.
AIDS fører til massedød og mange foreldrelause barn.
Det har vore god økonomisk vekst dei siste åra, men rikdomen er ulikt fordelt. Korrupsjon gjennomsyrer samfunnet. Over 85% av befolkninga lever under FN`s fattigdomsgrense.
Det er 80 ulike etniske grupper i Zambia som snakkar 72 ulike språk. Offisielt språk er engelsk. 46 språk har heile eller deler av Bibelen tilgjengeleg.
"Brain drain" er eit stort problem. Dei skarpaste hjernane og flinkaste folka emigrerer gjerne.
Zambia er frå 1991 eit definert kristent land med full religionsfridom. 75% er oppført som protestantar, vel 20% er romersk katolske. Trass i denne kristne profilen, og trass i at Zambia er ei øy av fred midt mellom land som lid under krig og konflikt, er kristentrua overfladisk, og det er lite å sjå av den forvandlande krafta i evangeliet.
Zambia tek imot hundretusenvis av flyktningar frå krigsherja naboland. Dette er ei stor utfordring for eit fattig land.
Flyktningane er sårbare for menneskehandel. Det skjer i stor grad.
- Takk for fridomen som kyrkja har til å driva misjon utan avgrensningar
- Be om at evangeliet må gå på djupet med folk og forvandla samfunet frå innsida
- Be om at dei unådde folkeslaga skal bli nådde og få høyra evangeliet på morsmålet
- Be mot grådighet og korrupsjon
- Be om at dei flinke folka skal sjå det som eit kall å bli verande og leggja ned energi og tankekraft for å byggja landet
- Be om at folket og kyrkja skal bli reinsa frå all type avguderi og okkultisme
- Be om at landet skal få eit oppgåande og nærverande helsevesen
- Be om at barn og unge skal få den grunnutdanninga som dei treng for å klara seg i ein moderne verden.
- Be om at flyktningane i Zambia skal bli godt tekne vare på og få framtid og håp.
- Be om at styresmaktene skal få ressursar nok til å handtera situasjonen
- Be om at Gud skal stoppa menneskehandlarar, og gje styresmaktene kraft og klokskap til å demma opp for denne djupe uretten.
onsdag 9. september 2015
Myanmar
Folketal: 50,5 millionar
Hovudreligion: Buddhisme. Det er vanleg å blanda buddhismen med okkultisme.
Kristne: 4,5 millionar, og kristendomen er den raskast veksande religion.
Mange buddhistmunkar er dei siste åra vortne kristne i all stillheit. Dei studerer no evangeliet og lyttar til kristne radiosendingar.
Myanmar var i si tid ein del av det britiske samveldet. Okkupert av Japan under andre verdskrigen.
Sjølvstendig nasjon i 1948.
Inntil nyleg (2011) styrt av brutal og omsynslaus militærjunta.
Rikt på naturressursar, men vanstyreog har ført til stor fattigdom blant folk flest.
Demokratiseringsprosess i gong, men det går seint.
Kristendomen står sterkt blant ikkje-burmesiske minoritetsfolkeslag som t.d. karenfolket.
Sentralstyresmaktene har i mange år ført regulær krig mot karenfolket.
Mange av dei har flykta til Thailand der dei lever i djup vonløyse i store leirar.
Trass i krass forfølging av kristne, spreier evangeliet seg raskt i landet.
AIDS-epedemien er omfattande, likeeins narkotikamisbruket.
750 000 barn lever i stor fare for å få eit liv i slaveri, prostitusjon og rus.
Ei bønerørsle mellom dei truande har ført til forsoning og kristen einskap.
* Be om at kyrkja blir utrusta med kraft frå himmelen til å fri ut alle som er bundne og undertrykte av djevelen.
* Be om at kyrkja skal få leiarar med god karakter og som er dimensjonerte etter dei store utfordringane som ligg framfor dei
* Be om at vekkinga mellom dei buddhistiske munkane berre skal breia om seg og bli ei uimotståeleg kraft i samfunnet, ei bølgje som skyller folk inn til Gud
* Be om at landet skal bli heilt gjennomsyra av evangeliet, at høg og låg skal venda om til Jesus og leva rettferdige liv.
* Be om at dei politiske leiarane skal underleggja seg Guds leiarskap, bli ærlege og usjølviske og ta eit oppgjer med korrupsjon, lureri, grådigheit, brutalitet og eigennytte som har prega dei i mange år.
* Be om stabile familiar som tek godt vare på barna sine.
* Be om at all kyniske forretningsverksemd som forbruker folk skal smuldra bort.
* Be om at Guds rike skal koma til det tungt prøvde rohingyafolket, og mellom dei ni hinduistiske folkeslaga i landet.
* Be om rettferd for dei to millionar burmesiske flyktningane i Thailand.
mandag 22. desember 2014
Zambia
Zambia er meir enn dobbelt så stort som Noreg i utstrekning, og det bur mellom 13 og 14 millionar menneske der fordelt på 80 folkegrupper som snakkar 72 ulike språk. Folk i Zambia er fattige, 86% lever under FN si fattigdomsgrense, og forventa levealder er kun på 44 år. AIDS og korrupsjon tyner landet ut. Analfabetismen er på 33%, og aukande. Størstedelen av befolkninga, 87%, tilhøyrer ei kristen kyrkje, og nasjonen vart i 1991 definert som eit kristent land, utan at Guds ord med det har fått trenga særleg langt inn i folkedjupet og skapt reell forvandling. Men landet har i det minste vore spart for øydeleggande krigar. Av den grunn har det vore ei redning for over 100 000 flyktningar frå omkringliggande land som Kongo, Angola og Zimbanwe. Pga av AIDS-epedemien er det 710 000 foreldrelause barn i Zambia. Av desse lever meir enn 90 000 på gata.
Zambia er, som mange andre afrikanske land, utsette for ein omfattande "hjerneflukt". Flinke folk reiser frå landet for å søka lukka i andre, rikare land. Dette er også ei utarming.
Kjelde: Operation World
Zambia er landet med den store naturen og det rike dyrelivet. Her finn me Victoriafalla, og på savannene jaktar dei store kattedyra.
Bøneemne:
- Be om leiarar som kan disippelgjera dei truande, kvinner og menn som kjenner Gud og Bibelen, som lever ut kristentrua i kvardagen.
- Be om kvalitetsfull bibelundervisning som genererer ei djuptgripande åndeleg vekking i kyrkjelydane. Namnekristendom og religionsblanding er snarare regelen enn unnataket.
- Be om fleire gode fosterforeldre for dei foreldrelause barna
- Be om gode gudfryktige politiske leiarar som kan føra folket ut av den aukande åndelege og økonomiske krisa
- Be mot trolldom og hekseri, noko som er svært utbreidt
- Be mot prostitusjon og promiskuitet, og at AIDS-epedemien slik skal bli kvelt ved at folk begynner å leva reint seksuelt.
- Be om nåde og frelse for dei mange AIDS-sjuke
- Be om stopp i hjerneflukten frå landet, og at dei som har reist for å søke lukka andre plassar, vender nasene sine heimover att.
- Be om at Gud stoppar framveksten av islam og Jehovas vitner
- Be om fortgang i arbeidet med å oversetta Bibelen til alle levande språk, og at alle folk skal få høyra evangeliet og kunna lesa Bibelen på hjartespråket sitt.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Dagens norske kommune: Nesseby i Finnmark
Kart: snl.no Folketal: 870. Søkkande. Kommunesenter: Varangarbotn Næringsliv: Reindrift, jordbruk og fiske Kyrkje og kristenliv: DNK er o...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Den egyptiske koptiske kristne YouTubaren Augustinos Samaan har anka dommen på fem år med tvangsarbeid etter å ha blitt dømd for «forakt for...
