onsdag 28. oktober 2026

Enorm katastrofe i Spania

 To snøggtog har kollidert utanfor Madrid i Spania. 68 mennesker er omkomne. 58 er alvorleg og/eller kritisk skada. Dei materielle skadene er astronomiske. Det var feil på signalanlegget. Toget som køyrde hadde fått raudt lys, men fekk likevel beskjed om å halda fram. Spania og Europa er i sjokk. 

Gode Gud og Far! 

Trøyst dei som no sørgjer, og gje dei frimot til å kalla på ditt namn. Må din fred omslutta dei i desse første opprivande dagane. 

Berg livet til dei som er kritisk skada, og gje lækjedom til alle som treng behandling etter ulukka.

Må spanjolane venda om frå sine vonde vegar, søkja fred med deg og læra seg å velsigna ditt folk Israel. 



Ingen kommentarer:

IS-åtak mot kristent gravfølgje i Jordan

Ni kristne vart drepne 23.oktober av islamistar under ei gresk-ortodoks gravferd i St Georg-kyrkja i landsbyen Hammoud i Karakregionen i Jor...