Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
onsdag 19. november 2025
Dagens unådde folkeslag: Muslimar i Thailand
tirsdag 18. november 2025
Thailand
fredag 18. november 2022
Thailand del 1
Thailand betyr "det frie landet". Dei har aldri vore underlagt framande makter. Men trass i at thailendarane går for å vera smilets folk, er dei underlagt mørkets makter, bundne som dei er av buddhisme, fedredyrking, okkultisme og mange synder.
Be om at thailendarane må få oppleva og erfara Guds barns fridom i Jesus Kristus, og at ei bølge av vekkjing skal koma over landet.
Kyrkja i Thailand har aldri fått eit genuint thai-uttrykk. Difor opplevest evangeliet og kristendomen framand for vanlege thailendarar.
Be om at evangeliet skal bli presentert for thailendarane på ein måte som kommuniserer med dei, og som ikkje er hefta med vestleg kultur.
Be også om at det må fostrast fram sterke leiarar frå thaifolket i kyrkjelydane, at thai-sauene får thai-gjetarar.
Sexindustrien i Bangkok, Pittaya, Pukhet og Hat Yai er formidabel. Rundt rekna 10% av turistinntektene kjem frå denne skitne verksemda som førerer titusenvis av fattige jenter inn det mest nedverdigande livet me kan tenkja oss, eit liv som ofte endar i ein altfor tidleg død.
Be om at Herren effektivt må setja ein stoppar for denne businessen, og be om fridom, framtid og håp for alle sexslavar i landet. Be også om at dei som kjøper desse tenestene må kjenna på ei djup skam, venda om frå sine synder og søka nåde og frelse hos Jesus. Styresmaktene er i prinsippet imot sexhandelen, men i praksis støttar dei svineriet. Be om at dette skal endra seg slik at dei set inn dei tiltaka som er naudsynte for å beskytta sin eigen befolkning mot kidnappingar, misbruk og grovt slaveri.
Det er over ein million barnearbeidarar i Thailand. Barnas rettar vert dagleg krenka på det grovaste.
Be om at det må bli sett ein stoppar for barnearbeidet i landet slik at dei unge kan gå på skule og få seg skikkeleg utdanning.
Med 700 000 smitta er HIV eit stort problem i Thailand.
Be om nåde og lækjedom for dei smitta, og be om at thailendarane må sjå samanhengen mellom denne sjukdomen og måten dei lever på, og læra seg å leva i trufaste ekteskap.
Be om at kyrkja på finna ein god strategi med tanke på å nå dei 300 000 buddhistmunkane i landet.
Det er 1,2 millionar flyktningar frå Myanmar i landet. Mange av barnearbeidarane og sexslavane vert rekruttert frå desse ulukkelege menneska som elles må leva heile liva sine i lukka flyktningeleirar. Mange kjem frå kristne folkegrupper som Karen, Chin og Shan.
Be om styresmaktene må ta FN som flyktningekonvensjon på alvor og gje flyktningane menneskeverdig behandling. Be om at Herren skal gje desse stakkars menneska framtid og håp, og at han skal beskytta dei mot menneske som berre vil dei vondt. Be om at det må opna seg vegar for dei ut av leirane og til ei betre framtid i andre land.
Det er 5,3 millionar muslimar i Thailand, 600 000 berre i Bangkok.
Be for muslimane, at kyrkja skal utvikla ein effektiv misjonsstrategi med tanke på å nå dei med evangeliet, og be om at Guds ord må råka dei i hjarta, og at Anden skal stadfesta Ordet med under og teikn som utvetydig stadfestar for dei at Jesus Kristus er Herre, og at det er Han dei må tru på for å bli frelst.
Kjelde: operationworld.org
tirsdag 18. juni 2019
Dagens unådde: Pattani i Thailand
onsdag 9. september 2015
Myanmar
Folketal: 50,5 millionar
Hovudreligion: Buddhisme. Det er vanleg å blanda buddhismen med okkultisme.
Kristne: 4,5 millionar, og kristendomen er den raskast veksande religion.
Mange buddhistmunkar er dei siste åra vortne kristne i all stillheit. Dei studerer no evangeliet og lyttar til kristne radiosendingar.
Myanmar var i si tid ein del av det britiske samveldet. Okkupert av Japan under andre verdskrigen.
Sjølvstendig nasjon i 1948.
Inntil nyleg (2011) styrt av brutal og omsynslaus militærjunta.
Rikt på naturressursar, men vanstyreog har ført til stor fattigdom blant folk flest.
Demokratiseringsprosess i gong, men det går seint.
Kristendomen står sterkt blant ikkje-burmesiske minoritetsfolkeslag som t.d. karenfolket.
Sentralstyresmaktene har i mange år ført regulær krig mot karenfolket.
Mange av dei har flykta til Thailand der dei lever i djup vonløyse i store leirar.
Trass i krass forfølging av kristne, spreier evangeliet seg raskt i landet.
AIDS-epedemien er omfattande, likeeins narkotikamisbruket.
750 000 barn lever i stor fare for å få eit liv i slaveri, prostitusjon og rus.
Ei bønerørsle mellom dei truande har ført til forsoning og kristen einskap.
* Be om at kyrkja blir utrusta med kraft frå himmelen til å fri ut alle som er bundne og undertrykte av djevelen.
* Be om at kyrkja skal få leiarar med god karakter og som er dimensjonerte etter dei store utfordringane som ligg framfor dei
* Be om at vekkinga mellom dei buddhistiske munkane berre skal breia om seg og bli ei uimotståeleg kraft i samfunnet, ei bølgje som skyller folk inn til Gud
* Be om at landet skal bli heilt gjennomsyra av evangeliet, at høg og låg skal venda om til Jesus og leva rettferdige liv.
* Be om at dei politiske leiarane skal underleggja seg Guds leiarskap, bli ærlege og usjølviske og ta eit oppgjer med korrupsjon, lureri, grådigheit, brutalitet og eigennytte som har prega dei i mange år.
* Be om stabile familiar som tek godt vare på barna sine.
* Be om at all kyniske forretningsverksemd som forbruker folk skal smuldra bort.
* Be om at Guds rike skal koma til det tungt prøvde rohingyafolket, og mellom dei ni hinduistiske folkeslaga i landet.
* Be om rettferd for dei to millionar burmesiske flyktningane i Thailand.
mandag 25. mai 2015
Rohingyafolket utsette for fælslege overgrep.
Rohingyafolket er i dag utsett for tung forfølging, og det som ser ut til å bli eit folkemord. Dei er muslimar og budd i det som tidlegare var eit sjølvstendig kongerike, Arakan, i meir enn tusen år. På 1700-talet vart dei erobra av Burma (Myanmar). Men dei har alltid vore nekta burmesisk statsborgarskap, og no driv militærjuntane dei på flukt. Den einaste vegen dei kan flykta er til havs. Der blir dei ofte drivande i vekevis for vind og vær. Mange druknar. Andre døyr av dehydrering og utmatting. Mange stader blir dei avviste. Nokre kjem til Thailand og Malysia der det no altså syner seg at dei vert drepne av menneskesmuglarar og kasta i massegraver. 139 slike er dei siste dagane funne nord i Malaysia. Den største av massegravene kan innhalda levningar etter så mange som 300 menneske.
Kongen over kongane, Herren over herrane! Me ropar til deg for Rohingyafolket i Myanmar, og for alle av dei som er drivne på flukt frå heimlandet sitt: Forbarm deg over dei. Må verda ynkast over dette folket slik at dei kan få liv og rom. Må du gripa mektig inn i denne flyktningekatastrofen, vera til stades i rohingyane sine liv, ta vare på dei, verna dei, leida dei og føra dei til trygg hamn. Du er ein Gud som er kjent for å gje framtid og von. Gje framtid og von til Rohingyafolket, og må nokon av dine trufaste påta seg og gje dei evangeliet, du som lid med dei lidanede, og som gret med dei som gråtande, og som har lidd for oss alle. Må det fælslege som no skjer med dette folket motivera kristne over heile verda til å yta hjelp langt utover det me meiner me har råd til, slik at me kan demonstrera din godleik og sympati i praktisk handling. Og så ber me om at du skal stoppa og straffa dei som påfører dette folket død, liding, sorg og smerte.
Kong Haakon VIII
Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Sulawesi har over 110 folkegrupper. Dei fleste folka langs kysten er muslimar, og kristne er i fleirtal i nordaust og i dei sentrale høgla...


