mandag 11. mars 2019

Butan

Butan grensar til India og Kina.
Det er "dragens land", eit buddhistisk kongedøme
Areal: 47000 km2. Folketal: 766 397.
Religion: Buddhisme (lamaisme) og hinduisme. 2,11 % kristne (2010). Over 3% årleg vekst.

Butan var stengt for all kristen misjon fram til 1965. Så vart det opna, i alle fall til ein viss grad. Sidan 1990 har restriksjonane auka på att. Då styresmaktene såg krafta i kristendomen, vart dei engstelege, og det er i dag heftige forsøk på å stoppa den kristne veksten, men det ser ut som om kyrkja er komen for å bli.

Kristne er forfølgde på ulike måtar. Det er forbode å byggja kyrkjehus, kristne vert fråtekne statsborgarskap, gratis utdanning og helsehjelp, dei vert sparka frå jobbane sine og nekta tilgang til elektrisitet og vassforsyning. I tillegg vert dei tidvis hersa med og slått. Men dei truande let seg ikkje stoppa.
  • Takk for at kyrkja i Butan som står fast midt i alle vanskane som vert påført henne, og for den truskapen dei kristne syner mot evangeliet og mot Jesus. 
  • Be om at dei truande må halda saman i tette fellesskap, og at dei må få den styrke og utrustning som dei treng for å stå faste i stormen, og for å disippelgjera folket sitt. 



Ingen kommentarer:

27.november 2020

I dag ber me for Gjemnes kommune, det kurdiske folket i Tyrkia, for dei gjenlevande etter den sveitsiske misjonæren Beatrice Stockli og for ...