Viser innlegg med etiketten Kambodsja. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kambodsja. Vis alle innlegg

tirsdag 18. november 2025

Thailand


Folketal: 71,6 million. Hovudstad: Bankok. Statsform: Kongedøme med parlamentarisk demokrati Religion: Buddhisme. Kristne: 1,1%. Evangelisk kristne: 0,5%  Hovudpråk: Thai. Lokale språk: 84. 
Thailand betyr "Det frie landet", som myntar på at landet aldri var underlagt ei vestleg kolonimakt. Likevel er thailendarane ikkje så lite undertrykte av åndsmakter knytta til buddhisme, tradisjonalisme, fedredyrking og okkultisme. 
Landet har ein konge som blir æra som ein gud. Han er eit sterkt nasjonalt symbol. Poloitikken er labil. Med jamne mellomrom bryt alt saman. Då tek militæret over, og langsamt vender dei attende til normale tilstandar. 
Korrupsjonen i Thailand er skyhøg. 
Prostitusjon og menneskehandel er ein uverdig ting, og ein stor skamplett. Trass i at sexhandel er ulovleg, er 2,8 millionar menneske involvert i dette. Av desse er 2 millionar er kvinner. 800 000 prostituerte er barn under 18 år. Det er forstemmande å tenkja på at dette er ein "marknad" for vestlege menn. Fattigdom er nok ein av årsakane til prostitusjon, men prostitusjonen sementerer også fattigdomen. 
1,3 millionar thaifolk er avhengig av metamfetamin. Det er ei stor ulukke for den enkelte, for familie og samfunn. 
I sommar var det trefningar på grensa mellom Thailand og Kambodsja. 
Økonomien i landet er sterk og stabil. Gradvis overtek den eksportretta industrien for jordbruket som økonomisk viktigaste næring. Turismen er ein god nummer tre. 
IMI-kirken i Stavanger jobbar mykje med kyrkjeplanting i Thailand gjennom Agenda 1 programmet sitt. Dei melder om god vekst, og at Guds kraft pregar det som skjer i denne misjonen

Takk Gud for alle som kjem til tru kvar dag i Thailand, og for alle nye kyrkjelydar.
Be om at evangeliet skal bli forkynt over heile landet, og at det må plantast kyrkjelydar i alle dei 80000 landsbyane. 
Be om at løgnene i buddhismen må avslørast for folk, og at sanninga i Jesus skal lysa for alle. 
Be om at dei nye kristne vert innlemma i fellesskap, at dei blir grunnfesta i Guds kjærleik og Guds ord. 
Be om at dei må veksa i nåde og kjennskap til Jesus, og bli tydelege og frimodige Kristusvitner i kvardagen sin. 
Be om at heile nasjonen må overfløymast av Guds lys, og at Den Heilage Ande skal ausast ut over alle menneske. 
Be om at under og teikn må følgja dei som trur. 
Be om at korrupsjon må avslørast, påtalast og straffast.
Be om politiske leiarar med moralsk integritet og styringskompetanse.
Be om at kvinner skal koma seg ut av fattigdom, prostitusjon og rus, og at lovgjevinga mot menneskehandel skal handhevast. 
Be om varig fred på grensa mellom Thailand og Kambodsja








 

fredag 25. mars 2022

Dagens unådde folkeslag: Cham i Kambodsja

 


Chamfolket i Kambodsja tel 256000 menneske. Dei er muslimar. Under Raude Khmer-regimet som varte frå 1976 til 1979 vart 100000 av dei drepne. Chamfolket er ekstremt fattige, 0,01% av dei er kristne. 

Gode Gud. Du er Gud også for chamfolket i Kambodsja. Me ber i Jesu namn om at ditt rike skal koma til dei gjennom kristne som elskar dei, og som er kalla og utrusta av deg for å hausta dei inn. Velsign dette fattige folket, og gje dei gode idear om korleis dei kan betra livssituasjonen sin. Sjå i nåde til chamfolket i Jesu namn. Amen! 









mandag 22. april 2019

Dagens unådde. Khmerfolket i Kambodsja

Folketal: 14 231000. Religion: Budhisme. Språk: Khmer. Bibelen: Tilgjengeleg i alle format. 

På 1200-talet var Khmerfolket dominerande i heile Søraust Asia, men vart etterkvart overvunne av thaifolket og vietnamesarane og pressa attende til det som i dag er Kambodsja. Angkor Watt-templet er eit minne frå denne svunne stordomstida. Frå 1976-79 vart to millionar Khmerfolk drepne av Raude Khmer med Pol Pot i spissen. Han ville laga ein fullkomen kommunistisk stat, og enda opp med eit blodbad som berre kan samaliknast med Holocaust. Det vil ta generasjonar før såra etter denne tragedien har grodd, og minnet vil alltid liggja der som ein vond skugge. 

Mange plassar veks Khmerkyrkjer fram i dag. Jesus Kristus er på farten. Men prosenten truande er langt under 2, og dermed blir dei rekna som unådde. 

Herre Jesus! Takk for alle i Khmerfolket som i denne tida kjem til tru på deg, og for alle nye kyrkjer som vert planta, og me ber om at elden skal brenna sterkt i dei truande, at dei skal vera fulle av kraft, tydelege i sitt vitnemål og villige til å ta dei offer som er naudsynte for å nå heile folket sitt med evangeliet. 




søndag 24. mars 2019

Kambodsja

Kjelde: Operation World

Folketal: 16 millionar. Folkegrupper: 42 folkegrupper. Språk: 25. Religion: Buddhisme. Prosent kristne: 3,5. Prosent evangelsike: 1,6. Hovudstad: Phnom Phen

Folket i Kambodsja lever under trykket frå eit mektig åndeleg og moralsk mørker som kjem frå dei mange avgudstempla som pregar nasjonen. Buddhismen, som alltid går mot sanninga i Kristus, har eit mektig grep på menneska der. Berre bøn kan løysa dei. Narkotika og sex-handel er svært utbreidd, og alt dette er kraftige saker som lenkar mange kambodsjararar til demoniske krefter. Kriminelle utnyttar stor grad sårbare og vergelause barn og unge i denne djevelske industrien.

Kyrkja i Kambodsja vart nesten utrydda under folkemordet frå 1976 til 1979. Denne redselstida dreiv millonvis på flukt, og i flyktningeleirane var det mange som søkte Jesus, og vekkinga i flyktningeleirane  danna grunnlaget for den sterke kyrkjeveksten me kan sjå i Kambodsja i dag. Kyrkja er i dag å finna i alle dei 19 provinsane.

Kyrkja nyt i dag godt av stor religionsfridom.
  • Be om at lyset frå evangeliet skal opplysa kvart menneske i dette landet, og avsløra vondskapen og løgnene i strukturar og tankebygningar som blir oppfatta som sanne og gode. 
  • Be om fortsatt religionsfridom. 
  • Be om at såra frå folkemordet på 70-talet skal gro, at nasjonen skal bli gjennomsyra av Guds kjærleik og nåde. Mange av dei som var med på massakrane på dødsmarkene er i dag trufaste disiplar av Jesus Kristus.
  • Be om at barn og unge skal bli forsvarleg disippelgjort
  • Be om at visjonen om ei levande kyrkje i alle landsbyar innan 2021 må lukkast
  • Be om godt politisk leiarskap
  • Be om velsigning over alt godt og rettferdig næringsliv
  • Be om at det skal vera liv laga for alle dei gode bibelskulane i landet, og at mange unge må søkja seg dit. 
  • Be om einskap mellom dei kristne




søndag 24. mars 2013

Kambodsja



Areal: 181 000 kv.km.
Foketal: vel 15 million.
Kristne: 471000
Evangelikale: 240 000

Etter folkemordet mellom 1976-1979 var det nesten ingen kristne att i landet. Men no er dei å finna i alle provinsar, og framgangen for Guds rike er massiv med ein årleg vekst for kyrkjelyden på over 8%.

Be om:
  • at fridomen til å forkynna evangeliet skal halda fram.
  • lækjedom for all den smerte og sorg som folkemordet påførte folket
  • medviten disippelgjerning av barn og unge
  • oppfylling av visjonen om å sjå minst èin kyrkjelyd planta i kvar landsby innan 2021
  • slutt på korrupsjon i samfunnet
  • modne kristne leiarar
  • slutt på prostitusjon og seksuell utnytting av barn
  • slutt på grådigheit og undertrykking
  • suksess for bibelskulane, og om kvalitet i undervisninga
  • vern og utrustning for pastorar
  • einskap mellom kristne
Kjelde: operationworld.com


Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...