Folketal: 71,6 million. Hovudstad: Bankok. Statsform: Kongedøme med parlamentarisk demokrati Religion: Buddhisme. Kristne: 1,1%. Evangelisk kristne: 0,5% Hovudpråk: Thai. Lokale språk: 84.
Thailand betyr "Det frie landet", som myntar på at landet aldri var underlagt ei vestleg kolonimakt. Likevel er thailendarane ikkje så lite undertrykte av åndsmakter knytta til buddhisme, tradisjonalisme, fedredyrking og okkultisme.
Landet har ein konge som blir æra som ein gud. Han er eit sterkt nasjonalt symbol. Poloitikken er labil. Med jamne mellomrom bryt alt saman. Då tek militæret over, og langsamt vender dei attende til normale tilstandar.
Korrupsjonen i Thailand er skyhøg.
Prostitusjon og menneskehandel er ein uverdig ting, og ein stor skamplett. Trass i at sexhandel er ulovleg, er 2,8 millionar menneske involvert i dette. Av desse er 2 millionar er kvinner. 800 000 prostituerte er barn under 18 år. Det er forstemmande å tenkja på at dette er ein "marknad" for vestlege menn. Fattigdom er nok ein av årsakane til prostitusjon, men prostitusjonen sementerer også fattigdomen.
1,3 millionar thaifolk er avhengig av metamfetamin. Det er ei stor ulukke for den enkelte, for familie og samfunn.
I sommar var det trefningar på grensa mellom Thailand og Kambodsja.
Økonomien i landet er sterk og stabil. Gradvis overtek den eksportretta industrien for jordbruket som økonomisk viktigaste næring. Turismen er ein god nummer tre.
IMI-kirken i Stavanger jobbar mykje med kyrkjeplanting i Thailand gjennom Agenda 1 programmet sitt. Dei melder om god vekst, og at Guds kraft pregar det som skjer i denne misjonen
Takk Gud for alle som kjem til tru kvar dag i Thailand, og for alle nye kyrkjelydar.
Be om at evangeliet skal bli forkynt over heile landet, og at det må plantast kyrkjelydar i alle dei 80000 landsbyane.
Be om at løgnene i buddhismen må avslørast for folk, og at sanninga i Jesus skal lysa for alle.
Be om at dei nye kristne vert innlemma i fellesskap, at dei blir grunnfesta i Guds kjærleik og Guds ord.
Be om at dei må veksa i nåde og kjennskap til Jesus, og bli tydelege og frimodige Kristusvitner i kvardagen sin.
Be om at heile nasjonen må overfløymast av Guds lys, og at Den Heilage Ande skal ausast ut over alle menneske.
Be om at under og teikn må følgja dei som trur.
Be om at korrupsjon må avslørast, påtalast og straffast.
Be om politiske leiarar med moralsk integritet og styringskompetanse.
Be om at kvinner skal koma seg ut av fattigdom, prostitusjon og rus, og at lovgjevinga mot menneskehandel skal handhevast.
Be om varig fred på grensa mellom Thailand og Kambodsja
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar