onsdag 5. august 2015

Sør-Korea

Sør Korea er 99000 kvadratkilometer stort, og det bur over 48 millonar menneske der. Landet vart etablert i 1953 som eit resultat av Koreakrigen, utan at det vart nokon formell fredsavtale med Nord-Korea. Etter krigen låg Sør Korea i ruinar, og folket levde i den ytste fattigdom. Men utviklinga har vore formidabel, og i dag utgjer landet den 11. største økonomien i verda. Sør Korea har få naturressursar, og er heilt avhengig av eksportindustrien sin. Det gjer økonomien deira sårbar for svingningar i råvareprisane. Sør Korea er eit kunnskapsbasert samfunn som satsar stort på utdanning av barn og unge.
Historisk har landet ofte vore okkupert av nabonasjonar, sist av Japan frå 1910 til 1948.
Frå 1987 har Sør Korea hatt eit demokratisk styresett.
Religiøst har konfucianismen og buddhismen stått sterkast. Dette er ein arv frå Kina. Men i dag er kristendomen den største religionen, men mange har ingen religion i det heile tatt.
Landet har vore velsigna med åndeleg vekking i mange tiår (vekkinga starta i 1907 i Pyongyang, hovudstaden i dagens Nord-Korea), og i dag er det 15 millionar kristne i landet, av desse tilhøyrer 8,2 millionar evangeliske kyrkjesamfunn. Mange av kyrkjelydane er veldig ivrige, og i dag kan du finna koreanske misjonærar over heile verda. Seks av dei ti største kyrkjelydane i verda finn med i Sør Korea.
Kyrkja i Sør Korea har vore bygd opp som eit resultat av bøn. Dei truande i landet er kjente for å stå opp tidleg om morgonen for å samla seg til bøn kl 05.00. Denne praksisen har løyst ut mektige himmelkrefter over nasjonen. I dette har dei vore eit førebilete for alle kristne i heile verda. 
Likevel er det sekularismen som breier seg snøggast i landet i dag. Den kristne vekkinga har stansa opp, og økonomisk velstand ser ut til å sløva folks åndelege lengsel og gjera dei mindre årvakne.

Det er gjennom dei siste åra vorten eit stadig større gap mellom rike og fattige i landet. Den moderne konkurranseprega tida med aukande krav og forventningar om å vera vellukka, har ført til aukande sjølvmordsrate, raskt veksande sex-industri, gulltid for dei som held på med plastiske operasjonar og aukande mengde underhaldningsvald i media. Mange, mange er internettavhengige.

Be om at Gud reinsar kyrkja si i Sør Korea for materialsime, karrierejag og juks, og frå folk som utøver makt til eigen fordel.
Be om kyrkja i staden blir fylt av  Kristi kjærleik og Andens kraft, slik at vekkinga kan ta ny fart.
Be om visdom til leiarane i landet, og om rettferd for dei mest sårbare gruppene i folket.
Be om at kristne verdiar som ærlegdom, måtehald, rettferdig fordeling, likeverd og miskunn skal gjennomsyra heile samfunnet. 
Be om at landet skal vera i stand til å gjennomføra ein god gjenforeningsprosess med Nord-Korea når tida er inne for det.






Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...