Massakren starta 24. oktober i Oromo-regionen der muslimar er i fleirtal og ortodokse kristne i eit betydeleg mindretal. Vitner har fortalt om væpna menn som gjekk frå hus til hus og skaut og knivstakk folk til døde. Også kvinner og barn skal vera mellom dei drepne, melder avisa Dagen.
Herre Jesus! Du ser all sorg og naud, og tek det i di hand. Men ta ikkje berre nauda i di hand, lat også dei som no sørger over tapet av sine kjære oppleva at du ber dei gjennom denne smerten, og at du er med dei i dødsskuggens dal.
Og så ber me om at du må beskytta dei truande i Etiopia mot slike åtak .
Me ber om at dei som har gjort dette må bli arresterte, dømde og straffa.
I Jesu namn, amen!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar