Viser innlegg med etiketten prostitusjon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten prostitusjon. Vis alle innlegg

tirsdag 18. november 2025

Thailand


Folketal: 71,6 million. Hovudstad: Bankok. Statsform: Kongedøme med parlamentarisk demokrati Religion: Buddhisme. Kristne: 1,1%. Evangelisk kristne: 0,5%  Hovudpråk: Thai. Lokale språk: 84. 
Thailand betyr "Det frie landet", som myntar på at landet aldri var underlagt ei vestleg kolonimakt. Likevel er thailendarane ikkje så lite undertrykte av åndsmakter knytta til buddhisme, tradisjonalisme, fedredyrking og okkultisme. 
Landet har ein konge som blir æra som ein gud. Han er eit sterkt nasjonalt symbol. Poloitikken er labil. Med jamne mellomrom bryt alt saman. Då tek militæret over, og langsamt vender dei attende til normale tilstandar. 
Korrupsjonen i Thailand er skyhøg. 
Prostitusjon og menneskehandel er ein uverdig ting, og ein stor skamplett. Trass i at sexhandel er ulovleg, er 2,8 millionar menneske involvert i dette. Av desse er 2 millionar er kvinner. 800 000 prostituerte er barn under 18 år. Det er forstemmande å tenkja på at dette er ein "marknad" for vestlege menn. Fattigdom er nok ein av årsakane til prostitusjon, men prostitusjonen sementerer også fattigdomen. 
1,3 millionar thaifolk er avhengig av metamfetamin. Det er ei stor ulukke for den enkelte, for familie og samfunn. 
I sommar var det trefningar på grensa mellom Thailand og Kambodsja. 
Økonomien i landet er sterk og stabil. Gradvis overtek den eksportretta industrien for jordbruket som økonomisk viktigaste næring. Turismen er ein god nummer tre. 
IMI-kirken i Stavanger jobbar mykje med kyrkjeplanting i Thailand gjennom Agenda 1 programmet sitt. Dei melder om god vekst, og at Guds kraft pregar det som skjer i denne misjonen

Takk Gud for alle som kjem til tru kvar dag i Thailand, og for alle nye kyrkjelydar.
Be om at evangeliet skal bli forkynt over heile landet, og at det må plantast kyrkjelydar i alle dei 80000 landsbyane. 
Be om at løgnene i buddhismen må avslørast for folk, og at sanninga i Jesus skal lysa for alle. 
Be om at dei nye kristne vert innlemma i fellesskap, at dei blir grunnfesta i Guds kjærleik og Guds ord. 
Be om at dei må veksa i nåde og kjennskap til Jesus, og bli tydelege og frimodige Kristusvitner i kvardagen sin. 
Be om at heile nasjonen må overfløymast av Guds lys, og at Den Heilage Ande skal ausast ut over alle menneske. 
Be om at under og teikn må følgja dei som trur. 
Be om at korrupsjon må avslørast, påtalast og straffast.
Be om politiske leiarar med moralsk integritet og styringskompetanse.
Be om at kvinner skal koma seg ut av fattigdom, prostitusjon og rus, og at lovgjevinga mot menneskehandel skal handhevast. 
Be om varig fred på grensa mellom Thailand og Kambodsja








 

lørdag 27. juni 2015

India

I India bur det 1,2 milliardar menneske som til saman snakkar 456 ulike språk. Av desse er heile Bibelen omsett til 70, 120 har et nye testamentet, 89 har deler av GT og NT, medan det er starta omsettingsarbeid i 136 språk (tal frå 2010).
Om lag 80% av innbyggjarane er hinduar. 2-3% er kristne, 13% muslimar, 1% sikhar.
Det er kristendomen som veks forstast i India no. Det er stor intensitet i misjonsarbeidet frå indiske kristne og kyrkjer som i hovudsak har ført til denne veksten.
Befolkninga er delt inn i 4700 kastar, og det er rundt 25000 underkastar. Sjølv om kastesystemet er forbode ved lov, har det likevel stor betydning for dei vala indarane tek, og kan ta , i liva sine. Kastesystemet er nær knytt til hinduismen, men er diverre også levande innan den kristne kyrkja.
India har dei siste tiåra hatt ein formidabel økonomisk utvikling. Landet er ei økonomisk stormakt i dag, og ligg på fjerde plass når det gjeld talet på millionærar, og ein ny middelklasse har vakse fram og er i dag svært dominant. Trass i dette lever over 40% av befolkninga i den ytste fattigdom, 40% av barna har ikkje nok mat å eta,  25% er kastelause og lever som gjeldsslavar under korrupte godseigarar (70% av Indias befolkning lever på landsbygda og er knytt til det føydale jordbruket der), ei gjeld som går i arv frå generasjon til generasjon. Ikkje noko land i verda kan skilta med større økonomisk ulikskap og urettferd enn India.
900 000 indarar døyr kvart år av å ha drukke ureint vatn.
Landet er nr. tre i verda når det gjeld HIV-smitta.
Tredjeparten av alle tuberkulosetilfella i verda er i India.
Landet har 1000 spedalskkoloniar
35 millionar barn er foreldrelause
3 millionar av dei lever på gata
Fattige foreldre sel barna sine til prostitusjon for å nedbetala gjeld
2/3 av barna vert utsette for fysiske overgrep
Halvparten av barna opplever seksuelle overgrep
Mange jenter vert aborterte eller drepne ved fødselen. Det er eit underskot på 35 millionar kvinner i India i dag. Dette kan forklara noko av problemet rundt massevaldtekter som stadig rystar landet.
Kvinnene har lågare utdanning enn menn, og mange fleire av dei er analfabetar.
Mange unge jenter hamnar i tempelprostitusjon

India ligg i ein vedvarande konflikt med Pakistan i Kashmir, og med Kina i enkelte grenseområder.I sentrale og austlege deler av landet har det vakse fram ei valdeleg marxistisk rørsle som valdar øydelegging. I nordaust (Mizoram) er det seperatiskegrupper som har teke til våpen.

Konstituasjonen sikrar full religionsfridom, men nye nasjonalistiske rørsler har som slagord: "India for hinduar", og dei oppmuntrar til forfølging av kristne og muslimar, og andre religiøse minoritetsgrupper.

Auka forfølging i Orissa og Karnatake har styrkt einskapen mellom dei mange ulike kyrkjene i områda.

Trass i mange mørke trekk, går kyrkja fram med stormsteg og den kristne trua veks snøggast av alle religionar i India i dag, og me høyrer titt om kastelause som kollektivt går over til Jesus som er den einaste som kan gje dei full verdi som menneske på lik linje med alle andre.

Takk for
  • Framgang for Guds rike  over heile landet
  • Den konstitusjonelle religionfridomen som i stor grad blir respektert
Be om
  • at Gud skal la sitt lys fløyma over India slik at folket vert fridd ut frå hinduismens mørke løgner og sett over i Guds kjære Sons rike 
  • kyrkja skal reinsast frå synd og fyllast med Ande og liv
  • dei truande skal halda ein høg profil og forkynna evangeliet med frimot
  • at Gud rekker ut si hand slik at under og teikn og mektige gjerningar skjer i vår Herre Jesu Kristi namn.
  • at indarane skal ta avstand frå dei mange og vemmelege avgudane sine og venda seg til den eine sanne Gud
  • stor einskap mellom kyrkjer og kristne
  •  styresmakter som fremjar rettferd for heile befolkninga
  • at alle kyrkjelydar tek eit oppgjer med kastestystemet internt
  • store landreformar der leilendingane kan få eigedomsrett til den jorda som dei dyrkar
  • at folket skal sjå samanhengen mellom seksuell promiskuitet og HIV.
  • at vassreinsing skal vera eit prioritert område for styresmaktene
  • at kyrkjelydane skal vera fulle av himmelsk legedomskraft
  • at Guds ord skal få makt over sinna slik at det blir ein slutt på abort, babydrap og fysiske og seksuelle overgrep mot barn, og at Gud skal verna dei små mot dei store. 
  • at India skal ha fred med Pakistan og India, og at det skal bli ein slutt på intern vald og uro
  • at alle religionar skal bli respektert av alle, og at det skal bli slutt på forfølging av minoritetar.
  • at katesystemet skal bli dømt og forkasta av folket
  • at dei kristne skal starta målretta misjon overfor dei 160 millonar muslimane i India, samt mellom sikhane og jainittane

tirsdag 5. mai 2015

Cuba



Cuba er den største øya i Karibien. Det bur vel 11,2 mill menneske i landet. Folketalet er synkande.  Etter kommunismens fall på starten av 90-talet har økonomien kollapsa. Grunnen til dette er at handelen med gamle Sovjetunionen stoppa opp, og likeeins den direkte støtta Cuba fekk derifrå. For det andre har landet lidd under USA sin handelsboikott, landet har dei siste åra vore råka av mange øydeleggjande orkanar og til slutt må det også nemnast at det også er ein omfattande korrupsjon i landet. Men sjølv om fattigdomen er stor, er folket likevel lesekyndige, og helsevesenet held høg standard. Og no ser det ut til at USA kjem til å oppheva handelsboikotten, noko som vil betra økonomien i landet munaleg.
Viktigast eksportartikkel er sukker, men no er turismen begynt å bli ei stadige viktigare inntektskjelde.
Narkotikamisbruk og prostitusjon har eit enormt omfang. 
Regimet på Cuba er framleis kommunistisk. Eittpartisystemet forhindrar demokrati, og landet bryt systematisk alle sentrale menneskerettar. Det er kanskje så mange som 500 000 politiske og religiøse fangar i landet. Likevel klarar ikkje dei ateistiske styresmaktene å hindra at Guds rike går fram. Dei evangeliske kristne har ein årleg vekst på over 4%. Dei tel no over 981 000 menneske. Dei dobla seg faktisk frå 1995 til 2010. Dei truande er frimodige og kreative i si misjonering, og mange år med liding har mogna dei og gjort dei sterke i bøn og både kloke og ivrige i sin daglege omgang med andre.
Den største kyrkja er naturlegvis Den romersk katolske med sine 5,4 millonar medlemmer. Mange katolikkar er djupt involvert i spiritisme. Over 3 millionar praktiserer haitisk voodoo.
Hovudstaden er Havanna.

Himmelske Far! Må alle cubanarar bli overvunne og sette fri av krafta i evangeliet. Reins den katolske kyrkja for alle heidensk påverknad. Fri folk frå demoniske makter som dominerer i liva deira. Utrust di kyrkje til å kunna gje dei denne hjelpa. Styrk dei truande mektig med din Ande. Må ditt ord bli spreidd vidt utover og lett tilgjengeleg. Lat internett opna seg slik at cubanarane kan finna Bibelen og Jesus på nettet. Styrk landets økonomi. Stopp havet av abortar. Gje landet ei rettsindig leiing med demokratisk sinnelag, me ber om at kommunismen skal falla og folket få politisk fridom utan at dei truande blir sløve og profaniserte. Må lyset frå evangeliet strøyma over Cuba, og menneska bli grepne på djupet av Kristi kjærleik og forsoning. Må Ordet ditt få makt, mann og kvinne leva i kjærlege ekteskap og barna ha varme og stabile heimar å veksa opp i. Miskunna deg over Cuba. Amen!

fredag 15. mars 2013

Brasil




  • Takk Gud for ein fantastisk vekst for evangeliske kyrkjer dei siste tiåra. Det er innhaustingstid i Brasil.
  • Brasil er blitt ein av dei nasjonane som sender ut flest misjonærar til andre land. Takk Gud for denne misjonsrørsla, og be om at brasislianske misjonærar skal få tena i Guds kraft. 
  • Be om at elden breier seg til alle lag av folket, også til overklassen som lever isolert og utilgjengeleg for vanlege folk. 
  • Be om at dei evangeliske kyrkjene vert meir medvitne i å syna omsorg for fattige og lidande. Kyrkjene treng å etablera sosiale program for å reflektera Guds hjarta på ein truverdig måte. 
  • Be om at menneskehandel knytt til prostitusjon og narkotikatrafikk skal ta slutt, at vonde menneske skal bli stoppa i dei vonde planane sine.
  • Be om utfriing og nytt liv for dei mange narkomane.
  • Be om eit oppgjer med promiskuiteten, og at folket skal elska Guds bod og læra seg å leva reint på det seksuelle området. HIV/AIDS er svært utbreidd i Brasil. 
  • Be om at korrupsjon og uærlegdom skal ta slutt i politikk og næringsliv, at Guds Ande skal læra brasilianarane å elska sanninga og hata løgna. 
  • Be om Guds nærvær og vern over alle gatebarn i dei store byane
  • Be om at det høge aggresjons og valdsnivået i samfunnet skal bli redusert, og om Guds fred til menneska. 
  • Be om at flaumen av kriminalitet som pregar samfunnslivet skal ta slutt, at evangeliet skal omforma menneska slik at dei elskar rett og rettferd 
  • Be om at Guds rike skal koma, at Guds vilje skal skje og at Brasil vert velsigna med godt leiarskap som kjenner vegen til det gode for folket. 

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...