Stillehavsøygruppa som går under namnet Vanuatu vart i dag morgon råka av eit jordskjelv som vart målt til 7,4 på Richters skala. Det er voldsamt, og øydeleggingane er enorme. Minst 14 er meldt omkomne.
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
tirsdag 17. desember 2024
Vanuatu råka av kraftig jordskjelv
Vanuatu ligg aust for Australia
Gode Gud og Far! Me veit at det skal vera hyppige jordskjelv før Jesus kjem att. Verda er i ulage. Me ber i hans namn om at alle som sitt innesperra eller inneklemte etter jordskjelvet på Vanuatu skal bli funne og redda. Må god hjelp nå fram til folk. Sjå i nåde til menneska på desse øyane, og lat det som djevelen ville skulle bli til tap, bli til vinning for dei. Amen!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagens norske kommune: Nesseby i Finnmark
Kart: snl.no Folketal: 870. Søkkande. Kommunesenter: Varangarbotn Næringsliv: Reindrift, jordbruk og fiske Kyrkje og kristenliv: DNK er o...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Den egyptiske koptiske kristne YouTubaren Augustinos Samaan har anka dommen på fem år med tvangsarbeid etter å ha blitt dømd for «forakt for...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar