mandag 23. desember 2024

Dagens norske kommune: Voss herad

                                                      



Folketal: 16471
Heradssenter: Vossevangen
Næringsliv: Jordbruk, turisme, næringsmiddelindustri, tenesteyting

Voss herad har fostra eit stort tal verdsmeistrar innan ulike vinteridrettar. Imponerande. 

Kyrkje og kristenliv: På Vossevangen står Voss kyrkje, ei steinkyrkje frå Middelalderen. Til saman er det ni kyrkjer i kommunen. 

Indremisjonen har fleire bedehus i drift. Mest kjent er Nain. 
Jesusfellesskapet har eit 24/7 bønehus i kommunen. 

Den åndelege situasjonen i Voss er nok rimeleg tøff. 

Takk Gud for alle dine sanne barn i Voss. Må dei stå deg nært. Forny dei ved ditt ord og din Ande. Fyll dei med kraft og nåde. Grunnfesta dei i ditt ord. Gjer dei sterke og ekspanderande i striden for evangeliet og det gode. Hjelp dei truande å stå saman i lovsong, bøn, diakoni og evangelisering, og må ditt kall til omvending og tru nå ut til alle innbyggjarane der. Aus Anden din ut over Voss slik at dei som bur der kan koma til levande tru på Jesus. Hald di vernande hand over familiane slik at dei held saman i gode og vonde dagar, og fyll heimane med lys, glede og varme. Må alle barn og unge i Kvinnherad ha ein trygg og god oppvekst. Velsign den politiske og administrative leiinga, skulane og helseinstitusjonane, politiet og dei andre offentlege etatane, samt alt godt og sunt næringsliv.  Må alle vaksne i kommunen leva edruelege liv, og vera gode føredøme for barn og unge. Må det gå Voss herad vel, det ber me om i Jesu namn. Amen!



Ingen kommentarer:

Dagens norske kommune: Voss herad

                                                       Folketal: 16471 Heradssenter: Vossevangen Næringsliv: Jordbruk, turisme, næringsmidde...