Kommunesenter: Uggdal
Næring: Jordbruk, skogbruk, fiskeoppdrett, industri, tenesteyting, litt kraftproduksjon. Mange er pendlarar.
Kyrkje og kristenliv: Den norske kyrkja (DNK) har fire kyrkjer i kommunen. Indremisjonen har 8 bedehus. Pinsekyrkja Filadelfia har eg ikkje funne noko informasjon om ut over at ho eksisterer.
Kjelde: snl.no og kirken.no
Bøn:
Takk Gud for alle dine sanne barn i Tysnes. Må dei stå deg nært. Forny dei ved ditt ord og din Ande. Fyll dei med kraft og nåde. Grunnfesta dei i ditt ord. Gjer dei sterke og ekspanderande i striden for evangeliet og det gode. Hjelp dei truande å stå saman i lovsong, bøn, diakoni og evangelisering, og må ditt kall til omvending og tru nå ut til alle innbyggjarane i kommunen. Motiver dei ved den heilage Ande til å ta imot Jesus som Herre og frelsar. Hald di vernande hand over familiane i kommunen, og fyll dei med varme og glede. Velsign den politiske og administrative leiinga, skulane og helseinstitusjonane, politiet og dei andre offentlege etatane, samt alt godt og sunt næringsliv. Må alle vaksne i kommunen leva edruelege liv, og vera gode føredøme for barn og unge. Må det gå Tysnes kommune vel, i Jesu namn. Amen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar