mandag 23. desember 2024

Dagens unådde folk: Dhanuk i India

 




Der er 4 739 000 dhanukar i India. Dei snakkar hindi, er hinduer og tilber mange ulike guddommar og gudinner. Sosialt tilhøyrer dei tenarkasten, og ligg lågt i samfunnspyramiden. Ingen av dei er kristne. 

Gode Gud og Far! Du er den rette far for dhanukfolket i India, som du er det for oss. Men enno kjenner dei ikkje deg, og me ber: Gjer deg kjent for dei! Send visjonære og brennande misjonærar til dei som introduserer deg, din Son, dine sanningar, di kraft og din kjærleik for dei, og som gjev dei ditt livgjevande ord. Herre, dei treng å forstå at dei ikkje kan bli frelst gjennom gjerningar eller religiøs seremoniar, men berre ved å ta imot di frelse i Jesus Kristus som ei gåve. Aus Anden ut over dei slik at dei ser sine synder, og Jesus som frelsaren frå all synd, og løys dei frå hinduismens mange åndsmakter. Hjelp familiane å vera gode mot kvarandre og me ber om samhald, truskap og kjærleik i familiane.  Me ber også om at alle vaksne skal leva edrueleg og ansvarleg. Me ser no fram til at dhanukfolket skal bli innlemma i din familie, og at det skal etablerast ei levande og dynamisk dhanukkyrkje som kan kan formidla deg til India på ein kraftfull og truverdig måte. Amen!


Ingen kommentarer:

Kristne i Nigeria ventar nye dødlege åtak mot kyrkjene sine denne jula

  Foto: Mission Network News Me førebur oss alle til jul. Det er baking og vasking opp og i mente. Men i Nigeria ter det seg ganske på ein a...