Den 24.november og 1 desember vart totalt 48 kristne praktisk talt avretta med skytevåpen og masjetar av islamistiske fulanigjetarar i delstaten Benue i Nigeria. Åtaka skjedde delvis då folk var på veg til kyrkjene sine for å feira gudsteneste. Benue ligg sentralt og aust i landet.
Gode Far! Forfølging høyrer med til det normale livet i kyrkja di. Me veit det. Må det som no har skjedd, munna ut i ny kyrkjevekst. Må alt det som djevelen har tenkt til nederlag bli snudd til mektig siger. Og så ber me om at det må bli ein slutt på alle desse drapa og all denne sorga i Nigeria. Gje trøyst til alle som no sørgjer, og gje dei attlevande alt dei treng for liva sine. Må Anden kvila over kyrkja di i Nigeria slik at ingen taper pågangsmotet og vitneiveren sin pga trykket frå djevelen. Amen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar