Avisa Dagen melder at Iran leiger unge kriminelle i Sverige for å retta åtak mot jødar i Skandinavia. Dei har henta denne saka frå det amerikanske mediet Bloomberg som meiner at alle jødar er terrormål i vår del av verda. Styresmaktene i Noreg, Sverige og Danmark er merksame på faren og følgjer nøye med, blir det sagt.
Vår Herre Jesus Kristus! Du er jødane sin evige konge. Hald di gode og vernande hand over den delen av dette folket som enno bur i Skandinavia. Takk for at du har sigra over alle vonde ånder som berre vil stela, drepa og øydeleggja, og me ber i ditt namn om at du skal lamma og nøytralisera alle politikarar og kriminelle som planlegg å drepa eller skada jødar eller jødiske samfunn i Skandinavia. Må dei erfara at du er dette folket sin veldige Gud. For du berre ler av dei, og du spottar dei og slår i Salme 2 fast at det er DU som har innsett din konge på Sion, ditt heilage fjell, og du ber alle verdas mektige ta til vit, la seg refsa, bøya seg for deg, kyssa jorda for dine føter og skjelvande tena DEG med ærefrykt. Og så ser me med forventning fram til den dagen då folket ditt skal opna seg for deg, ta deg til hjarta og oppleva gjenfødinga og frelsa sitt store under i liva sine. Må det skje fort. Det ber me om i ditt namn, vår kjære frelsar og Herre! Amen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar