Me førebur oss alle til jul. Det er baking og vasking opp og i mente. Men i Nigeria ter det seg ganske på ein annan måte. Der veit dei kristne at det vil koma åtak på kyrkjer og gudstenester frå Boko Haram eller islamistiske fulanikrigarar. Når ein kristen i Nigeria går til kyrkja si for å feira Jesu fødsel, veit han at dette kan vera det siste han gjer. 80% av drap på kristne i verda skjer i Nigeria, og ikkje få av dei livet mister under dei store kristne høgtidene, dvs jul og påske. Det betyr for desse truande at dei denne jula, som så ofte før, førebur seg på å møta vald, kidnappingar, og martyrium. Nigerianske styresmakter syner liten interesse i å beskytta dei sårbare kristne samfunna. Det er berre eit faktum.
Kjelde: Mission Network News
Be om at dei kristne i Nigeria skal finna håp og lys i evangeliet og i samfunnet med Jesus, og be om at Gud skal sørga for dei og passa på dei denne jula så dei kan koma seg heilskinna gjennom høgtida.
Be også om at dei truande modig skal vitna om Jesus i tida som kjem, og om at kristne frå dei trygge områda i nord skal kallast av Gud til å vera til hjelp for sine kristne søsken som bli forfølgde i nord.
Be også om at dei kristne i sør skal kallast til misjon i nord der hausa, fulani og Boko Haram rår grunnen.
Be om at nigerianske styresmakter må ta sitt ansvar for å beskytta dei kristne i landet mot overgrep.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar