Det er over 39 millionar som tilhøyrer brahminarkasten i India. Dei snakkar hindi, og over 99% av dei er hinduar. Dei tilhøyrer det høgaste sosiale skiktet i India, og var tradisjonelt prestar. Nokre er nok det enno, men mange er sekulariserte og kler i dag gjerne høge stillingar i IT-bransjen, og ligg heilt i verdstoppen når det gjeld digital kunnskap og kompetanse. Det er nesten ingen kristne i dette folket. Skal dei ta imot Guds frelse som ei gåve, må dei overtydast om at dei er håplause og fortapte syndarar. Det kan berre Den Heilage Ande få til.
Brahminarane tilber gjerne Vishnu, Shiva eller Himmeldronninga.
Gode Gud og Far! Du er den rette far for brahminarane i India. Men enno kjenner dei ikkje deg, og me ber: Gjer deg kjent for dei! Send visjonære og brennande misjonærar til dei som introduserer deg, dine sanningar, di kraft og din kjærleik for dei, og som gjev dei ditt ord på deira eige språk. Herre, dei treng å forstå at dei ikkje kan bli rettferdige for deg gjennom lovgjerningar, berre ved å ta imot di frelse i Jesus Kristus som ei gåve. Aus Anden ut over dei slik at dei ser sine synder, og Jesus som frelsaren frå all synd, og løys dei frå hinduismens mange åndsmakter. Hjelp familiane å vera gode mot kvarandre og me ber om samhald, truskap og kjærleik i familiane. Me ber også om at alle vaksne skal leva edrueleg og ansvarleg. Me ser no fram til at brahmina skal bli innlemma i din familie, og at det skal etablerast ei levande og dynamisk brahminerkyrkje som kan kan formidla deg til sine eigne på ein kraftfull og truverdig måte. Amen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar