onsdag 18. desember 2024

Dagens kommune: Eidfjord i Vestland

 

Eidfjord ligg inst i Hardanger, og dekker store deler av Hardangervidda heilt til Buskerud. 

Kommunen har 968 innbyggjarar, og betydeleg fleire reinsdyr. 
Kommunesenteret er Eidfjord som ligg ved foten av Hardangervidda.
Næringsliv: Jordbruk, turisme, kraftproduksjon, ferskvassgarnfiske, jakt. 

Kyrkje og kristenliv: Det som eksisterer ser ut til å vera avgrensa til Den norske kyrkja som har to kyrkjebygg, eit nytt samt ei gamal steinkyrkje frå Middelalderen. 

Gode Gud! I dag ber me om at du skal gjera deg gjeldande for alle som bur i Eidfjord, at dei skal få høyra ordet ditt forkynt, og kjenna på kallet til omvending og tru. Inspirer dei kristne i kommunen slik at dei fungerer godt og lever i samsvar med dine bod. Må din kjærleik fylla dei og prega liva deira. Me ber om at barn og unge skal få veksa opp i trygge og rusfrie miljø. Hald di gode hand over heimane slik at familiane held saman i gode og vonde dagar. Må kommunen nyte godt av kompetente leiarar på alle nivå. Amen!







Ingen kommentarer:

Terroraåtak i Magdeburg i Tyskland

  Som sikkert alle har fått med seg har ein saudiarabisk lege i Tyskland valt å køyra full fart med bil  inn i ein julemarknad full av folk....