Dette folket tel i følgje joshuaproject.net 4 518 000 menneske. Dei er alle hinduar. Ikkje èin einaste kristen er registrert. Dei snakkar telugu. Dei er stort sett heimehøyrande i Andhra Pradesh.
Boya har historiske røter attende til 500 før Kristus. Dei har tradisjonelt vore ein krigarkaste, men i våre dagar dyrkar dei jorda.
Gode Gud og Far! Du er den rette far for Boya i India. Dei ikkje deg, og me ber: Gjer deg kjent for dei! Send visjonære og brennande misjonærar til dei som introduserer Jesus for dei på deira eige språk. Herre, dei treng å forstå at dei ikkje kan bli rettferdige for deg gjennom lovgjerningar eller ritualer, berre ved å ta imot di frelse i Jesus Kristus som ei gåve. Aus Anden ut over dei slik at dei ser sine synder, og Jesus som frelsaren frå all synd, og løys dei frå hinduismens mange åndsmakter. Hjelp familiane å vera gode mot kvarandre og me ber om samhald, truskap og kjærleik i heimane. Me ber også om at alle vaksne skal leva edrueleg og ansvarleg. Me ser no fram til at boyafolket skal bli innlemma i din familie, og at det skal etablerast ei levande og dynamisk boyakyrkje som kan kan formidla deg til sine eigne på ein kraftfull og truverdig måte. Amen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar