Det bur 13089 menneske i Kvinnherad. Kommunen ligg ytst i Hardangerfjorden på begge sider av fjorden og inkluderer Ølve, Varaldsøy, Halsnøy og Fjelberg. Kommunesenteret er Rosendal.
Kvinnherad er ein stor og velståande kraftkommune.
Andre næringar: Industri (aluminiumsproduksjon, skipsbygging), jordbruk, skogbruk, fiskeforedling, tenesteyting og turisme. Baroniet i Rosendal er eitt av 11 slott i Noreg. Kommunen har fleire mektige fjellmassiv. Melderskin er høgast med sine 1403 moh.
Kyrkje og kristenliv: DNK har 12 kyrkjer og Indremisjonen 14 bedehus. Det borgar for ein rik åndeleg arv, og vonleg framleis eit rikt kristenliv.
Andre kyrkjelydar: Det er ei pinsekyrkje på Husnes, Kristent Fellesskap i Rosendal, ei gamal baptistkyrkje i Mauranger
Takk Gud for alle dine sanne barn i Kvinnherad. Må dei stå deg nært. Forny dei ved ditt ord og din Ande. Fyll dei med kraft og nåde. Grunnfesta dei i ditt ord. Gjer dei sterke og ekspanderande i striden for evangeliet og det gode. Hjelp dei truande å stå saman i lovsong, bøn, diakoni og evangelisering, og må ditt kall til omvending og tru nå ut til alle innbyggjarane der. Aus Anden din ut over alle slik at dei kan koma til levande tru på Jesus. Hald di vernande hand over familiane slik at dei held saman i gode og vonde dagar, og fyll heimane med lys, glede og varme. Må alle barn og unge i Kvinnherad ha ein trygg og god oppvekst. Velsign den politiske og administrative leiinga, skulane og helseinstitusjonane, politiet og dei andre offentlege etatane, samt alt godt og sunt næringsliv. Må alle vaksne i kommunen leva edruelege liv, og vera gode føredøme for barn og unge. Må det gå Kvinnherad kommune vel, det ber me om i Jesu namn. Amen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar