Kristne i Iran. Foto: VOM
Toomaj Aryan-Ki, ein kristen konvertitt, er dømd til ti års fengsel i Iran. Han er dømt for "propaganda", samarbeid med Israel, UISA og Storbritannia, medlemskap i ei politisk motstandsgruppe.
Toomaj har prøvd å anka dommen, men anken er blitt avvist. Toomaj vart først arrestert i oktober 2022. Då ransaka dei heimen hans og tok beslag i nokre biblar og personlege eigedeler.
Me som har følgt med på kristendomens framgang i Iran dei siste åra er ikkje i tvil om at desse merkelege tiltalepunkta er oppdikta. Dei er stort sett like i alle saker mot kristne konvertittar. Og skulle noko vore sant, er alt han er dømd for aktivitetar klårt innafor einkvar manns grunnleggjande menneskerettar.
- Be om at det må leggjast press på styresmaktene slik at Toomaj får prøva saka si på nytt, vinna fram og bli sett fri.
- Be om at han skal vera ved godt mot og bli styrkt i trua si
- Be om at han skal få tilgang til Bibelen og kristne bøker
- Be om at han skal få vera eit vitne for medfangar, fangevaktarar og dommarar
- Be om at han skal bli beskytta mot tortur
- Be om at han skal få nok næringsrik mat
Iran ligg på 9.plass på Åpne Dører sin forfølgingsindeks.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar