tirsdag 17. desember 2024

Mayotte

 Kor mange liv som er gått tapt pga syklonen som råka Mayotte i forgårs, veit me ikkje enno. Truleg over tusen. Kanskje fleire tusen. Den franske øya mellom Madagaskar og det afrikanske kontinentet har mange, mange uregistrerte flyktningar som bur i slumoråder som no er heilt raserte av den sterke vinden og  nedbøren. Folk manglar reint vatn, straum og telesamband.

kart henta frå NRK

Gode Gud! Me ropar til deg for alle som har lidd store tap etter syklonen som råka Mayotte i forgårs. Må god hjelp nå fram til folk, dei skadde bli lækte, dei døde bli funne og alle sørgande bli trøysta og styrkte. Amen!



Ingen kommentarer:

Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...