Den 26.november vart 12 kristne stilt for retten i Nowashahr, ein iransk by på sørkysten av Det kaspiske hav. Alle var anklaga for å ha "propagandert for ein religion som er i konflikt med islam, og for å ha samarbeidd med framande makter." Dette er standard formuleringar når kristne blir stilt for retten i Iran.
Ein av dei som no får saka si opp til doms er Javad Amini. Han og dei andre vart først arresterte ved juletider 2023, og har vore litt ut og inn i fengsel etter det. Det er enno ikkje forkynt noko dom i denne saka, men det er å frykta at det blir mange år bak lås og slå for desse truande.
Kjelde: vomcanada.com
- Be om at Gud skal styrka desse 12 vitnene, og at dommarane skal forstå at dei ved å dømma dei kristne, påfører seg sjølve Guds dom.
- Be om at Gud skal hjelpa familiane deira
- Be om at dei kristne i Iran ikkje skal bli redde pga dei strenge domane mot dei
- Be om at Guds rike skal halda fram med å veksa kraftig i Iran
- Be om at prestestyret skal falla
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar