Gode Gud og Far! I dag, som kvar dag, ber me om at du på ein spesiell måte skal passa på alle ufødde barn slik at dei overlever i mors liv. Me ber også om at dei skal få rettsvern på linje med alle oss andre, slik at ingen kan ta liva deira ustraffa. Me ber spesielt om at mødrene skal få moralsk lys, mot og tru til å velja livet framfor døden, og me ber om at gynekologar og jordmødre skal nekta å vera med på noko som helst som fører til fosterdrap. Høyr oss når me ropar, og bønhøyr oss for Jes skuld. Amen!
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
fredag 6. desember 2024
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagens norske kommune: Nesseby i Finnmark
Kart: snl.no Folketal: 870. Søkkande. Kommunesenter: Varangarbotn Næringsliv: Reindrift, jordbruk og fiske Kyrkje og kristenliv: DNK er o...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Den egyptiske koptiske kristne YouTubaren Augustinos Samaan har anka dommen på fem år med tvangsarbeid etter å ha blitt dømd for «forakt for...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar