tirsdag 3. desember 2024

Dagens bøn for kristne martyrar

 Tre kristne menn vart knivstukke av islamistar i Ashruba i øvre Egypt 5.november. Dei blir behandla på eit lokalt sjukehus. 

Hatet mot kristne er sterkt i dette området, og vår trussøsken lever i konstant spenning og angst for at fæle ting skal skje. 

Dei kristne i Ashuba er forresten kjende for sin rike og vakre song. 

Be om at dei skadde skal få helsa si tilbake, at dei kristne ikkje skal missa motet, og at evangeliet går fram trass i motstand også i øvre Egypt. 


Ingen kommentarer:

Dagens unådde folkeslag: Vaddar i India

  Denne folkegruppa tel vel 3 millionar menneske. Dei er hinduar og snakkar telugu, som er eit bibelspråk.  Vaddar er hardt arbeidande kropp...