mandag 23. desember 2024

Indonesiske kristne under press i jula

 

Foto: VOMC

Både på Sulawesi og på Java har det vore vore tilfelle der kristne er blitt hindra av lokalbefolkninga frå å koma saman for å tilbe Jesus og øva til julegudstenestene som skal haldast den 25.desember. Det er vanleg at kristne i muslimske land opplever forfølging under dei store høgtidene som jul og påske. I år starta vanskane alt i adventstida. Det er Voice of the Martyrs i Canada som melder dette. 

Be Gud om at all denne motstanden skal lutra dei truande og gjera dei enno meir brennande for Jesus. 

Be Gud om å halda auga med motstandarane, strekka ut si hand slik at under og mektige teikn kan skje i Jesu namn, og dei truande få kraft til å forkynna evangeliet med all frimot. 

Be om at ingen må missa livet eller koma til skade denne jule. 

Ingen kommentarer:

Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...