mandag 23. desember 2024

Nye og strengare religionslover vedtekne i Kirgisistan

 


Gradvis har religionslovene vorte strengare i Kirgisistan. I 2008 vart det bestemt at ein kyrkjelyd måtte telja minst 200 menneske for å kunna bli offentleg registrert. Den 16.desember i år vart dette talet auka til 500, og i tillegg vart det lagt ned forbod mot alle religiøse møter og all religiøs aktivitet som ikkje er godkjent av styresmaktene. Det betyr at dei få kristne i landet ikkje ein gong kan samlast i heimane sine for å byggja kvarandre opp utan å risikera å bli storma av politiet, arresterte og straffa der straffa som regel er urimeleg høge bøter. Kjelde: Forum 18 og VOMC

Be om at Gud, vår Fars mektige hand må kvila vernande over si kyrkje i Kirkisistan,

Be om at dei truande må vera kloke som slangar og einfelde som duer.

Be om at dei gjennom det som skjer skal bli enno meir dedikerte som kristne, og leva enno meir målretta for Jesus enn før.  

Be om Guds rike skal koma som ein tsunami over i Kirgisistan.

Ingen kommentarer:

Kristne i Nigeria ventar nye dødlege åtak mot kyrkjer og kristne denne jula

  Foto: Mission Network News Me førebur oss alle til jul. Det er baking og vasking opp og i mente. Men i Nigeria ter det seg ganske på ein a...