søndag 22. desember 2024

Oppdatering frå Magdeburg

 Så langt har fem menneske mista livet etter terroråtaket mot julemarknaden i Magdeburg. Mellom desse er ein ni år gamal gut, Andrè. No samlar folk i denne ateistiske austtyske byen seg i St.Johanneskatedralen, ei av kyrkjene som Martin Luther talte i, for å finna trøyst, og det som måtte vera av meining,  hos Gud. 

God Gud! Må alle som søker deg, finna deg. Hjelp dei å søka deg av heile sitt hjarta. Må dei kalla på Jesus, sanna syndene sine og ta imot di frelse som ei gåve frå himmelen denne jula. Og framleis ber me om legedom for dei skadde. Miskunna deg over desse menneska, og over heile Europa. Det ber me om i Jesu namn. Amen! 

Ingen kommentarer:

Keep the faith alive in me

  Lord Jesus! I love your word and your presence, and I love to meditate on your word night and day. Sometimes I forget to think about you a...