onsdag 18. desember 2024

Drapsbølge i Noreg

Dei siste seks dagane er fem menneske blitt myrda i Noreg. Det rystar oss. I 2024 er det så langt registrert 38 drap. Det er omtrent som i fjor, med langt høgare enn i 2022 og åra før der igjen. I tillegg kjem over 12000 abortar, noko som tilsvarar 600 skuleklassar. 

Gode Gud! Du ser kor mørkt det kan bli i eit menneskehjarta. Du ser korleis hat og sinne kan ta overhand og enda i drap.. Du veit også om alle bestillingsdrapa i dei kriminelle miljøa som me høyrer om.  Me ber: Stopp denne demoniske aktiviteten i Jesu namn.  Send din Ande og ditt lys til oss. Me proklarmerer din siger over dei mørke maktene som gjer seg gjeldande i landet vårt, og me ber: Må ditt rike fordriva djevelens rike, i Jesu namn! Amen! 

Og så ber me om at alle som blir gravide skal velja livet framfor døden for dei små ufødde barna sine. 

Det er ei sorg at landet vårt gjennom abortlova har inngått pakt med døden, og me vil be om tilgjeving for at dette er slik, og me ber i Jesu namn om at abortlova skal erstattast av ei livsvernlov. Amen! 

Ingen kommentarer:

Terroraåtak i Magdeburg i Tyskland

  Som sikkert alle har fått med seg har ein saudiarabisk lege i Tyskland valt å køyra full fart med bil  inn i ein julemarknad full av folk....